Trafikkulykke i Knarvik

Bilist hamna utfor vegen og inn i eit gjerde.

Publisert:

Foto: Erlend Kristiansen

  • Erlend Nordland Kristiansen
Denne artikkelen er over ett år gammel

Naudetatane rykte i 18-tida ut på ei trafikkulykke i Isdalstø i Lindås. Ein mann skal ha hjelpt til med å dytta ein bil som stod fast i ein bakke, då han kom i klem inntil eit gjerde. Vedkommande vart ifølge BA frigjort av folk på staden.

– Truleg har vedkommande hjelpt til med å dytta bilen opp bakken, og så kom foten i klem under bilen, opplyste operasjonssentralen til avisa.

Han skal ikkje ha fått alvorlege skadar, men kan ha fått eit brot i foten. Vedkommande vart i første omgang frakta til legevakt i Knarvik.

Ulykka skjedde på ein sideveg, og ikkje på hovudvegen. Politiet vart igjen i etterkant av hendinga for å gjera undersøkingar på staden.

Publisert:

Les også

  1. Følg trafikken direkte - frontkollisjon på Hylkje måndag morgon

Foto: Erlend Kristiansen

  1. Knarvik
  2. Lindås
  3. Trafikkulykker