Kvart år arrangerer MC-klubbar i Hordaland eit veledighetsarrangement der dei samlar inn pengar til ei god sak. I år er det klubben Fumble Heads MC Nordhordland som er arrangør.

Dei har bestemt at inntektene skal gå til Floenkollektivet på Radøy, som tilbyr medisinfri og relasjonsbasert rusbehandling til personar i aldersgruppa 18-33 år.

Frå Bergen til Eikanger

Tysdag 1. mai (offentleg fridag) møtes motorsyklistane som vil vera med på Danmarksplass i Bergen. Der vil representantar frå Floenkolletivet fortelja om arbeidet sitt, og så vil MC-kjørarane reisa derifrå i samla flokk fram til det gamle bedehuset på Eikanger, som Fumble Heads MC Nordhordland har overtatt og brukar som klubbhus.

I klubblokalet blir det servert mat og kaffi, og det vil vera utloddning og gode mulegheiter til å sjå på alle dei flotte syklane.

– Det er hovudsakeleg amerikanske og engelske syklar som er med på dette arrangementet, men det er fullt lov å stilla med andre syklar også. Alle er velkomne. Dei som deltek med sykkel betaler 100 kroner per hovudet, som går til Floenkollektivet sitt arbeid, og det same gjer alt me får inn gjennom utloddning og andre aktivitetar denne dagen, seier Frode Solstrand i arrangørklubben.

Ventar 70–130 syklar

Arrangementet brukar å samla ein stad mellom 70 og 130 syklar, og det håpar dei også at dei skal få samla i år.

– Me veit at det kjem mange frå Nordhordland, og me har også fått melding om folk frå Haugesund, Voss og frå ulike stadar i Sogn og Fjordande som har lyst å koma. Arrangement vert det uansett vêr, men det er klart at oppmøtet vert best i solskin, seier Solstrand.

Han håpar at mange har lyst til å visa si støtte til Floenkollektivet denne dagen og stilla enten med sykkel eller som publikum.

Dette er eit arrangemet som er ope for alle, uansett motorsykkelinteresse og alder. Alle er hjarteleg velkomne.