I år er det om lag 70 bedrifter, organisasjonar, utdanningsinstitusjonar og kommunar som har meldt seg på med stands. Målet er at ungdom og andre skal få god informasjon om både utdannings— og yrkesval ved å ta turen innom dei ulike utstillarane.

– Messa er eit samarbeidsprosjekt mellom rådgjevarar frå grunnskulen, Nordhordland Næringslag, Opplæringskontoret for Nordhordland og Regionrådet i Nordhordland IKS. Det er kommunane og næringslivet i Nordhordland i tillegg til fylkeskommunen som støttar messa økonomisk, forklarer Vivian Kårbø i Nordhordland Næringslag.

I samband med messedagane blir det og arrangert ei elevbedriftsutstilling der ein kårar «Årets elevbedrift». I tillegg blir «årets Ungdomsbedrift» kåra blant bedrifter frå Knarvik vidaregåande.

– Me oppfordrar elevar frå Knarvik og Austrheim vidaregåande om å besøka messa. Elevane vil koma i kontakt med opplæringskontor, kommunane og lokale bedrifter. Her kan det knytast viktige kontaktar for framtida, seier Kårbø.

Elevane på ungdomstrinnet vil finna alle utdanningsprogram representerte, og fleire vidaregåande skular i fylket viser fram sine fagtilbod.

– Elevar og føresette vil få god orientering om utdanningsvegar og yrker desse to dagane, seier Kårbø.