Friluftsgudstenesta på Håøytoppen Kristi Himmelfartsdag er ein tradisjon. Men etter å ha sett vêrmeldinga for morgondagen, har kyrkja i Meland bestemt seg for å flytta gudstenesta innandørs.

Det vert meldt 30-50 mm regn på 6 timer og opp til 50-70 mm på 12 timar mange stader i Hordaland, Rogaland og Sogn og Fjordane. Det er også fare for lyn og torden enkelte stader.

I ei melding til Strilen skriv kyrkjeverje Anne Sofie Nergård Uthaug at friluftsgudstenesta har vorte gjennomført uansett vêr i mange år, men at varselet for denne Kristi Himmelfartsdagen skil seg ut, og at dei difor har funne ut at det er best å endra på planane.

Gudstenesta vert klokka 12 ved prost Geir Sørebø og Leiknes blåseorkester som annonsert, men no altså inne i Meland kyrkje.