Det er fredag, klokka er 16.31 og du kjører over Nordhordlandsbrua, på veg heim til mor, far og familien «på landet».

Bassen dunkar frå høgtalarane og du føler at du berre dela denne fridomsfølelsen med alle vennane dine på Snapchat. Difor rullar du ned vindauget, fyrer opp musikken og sender ein ti sekund lang videosnap medan speedometeret ligg på 70 pluss. Du gliser, livet er bra.

BRANNSTASJONEN: – Folk må begynna å tenka seg om, og spørja seg sjølv: Er livet verd ein snap? spør Svein-Åge Renholm i brannvesenet. Foto: Erlend Kristiansen

Ingen snap er verd livet

Det gjekk kanskje fint denne gongen, men før eller sidan vil det smella. Trafikkfaglig samarbeidsutvalg (TSU) meiner alle bilistar bør ha sendt sin siste sjåførsnap.

– Folk må begynna å tenka seg om, og spørja seg sjølv: Er livet verd ein snap?

– Er livet verd ein snap? - Svein-Åge Renholm, TSU

Det seier Svein-Åge Renholm i TSU, som er sett saman av våre lokale naudetatar og Trygg Trafikk.

Han jobbar i Lindås, Meland og Modalen brann og redning, og nyleg delte han eit innlegg på si private Facebook-side om kor farleg det er å snappa medan ein kjører bil: «Det finst ikkje ein snap i verda som er verd det du potensielt utset andre for medan du tar blikket av vegen». Innlegget fekk stor respons.

HMS: – Det er litt underleg i vårt HMS-opplyste samfunn at folk brukar mobilen under kjøring, meiner Nils Medaas. Foto: Erlend Kristiansen
SELFIE: Det er lov å snappa og ta bilde, men aldri i bilen, er den klare beskjeden frå Nils Medaas og Svein-Åge Renholm i Trafikkfagleg samarbeidsutval. Foto: Erlend Kristiansen
UGREITT: Mange kjører og brukar mobilen samtidig. Det må det no bli slutt på, meiner TSU. Foto: pixabay/reynaldodallin

Renholm og hans blålyskollegaer rykker fleire gongar i året ut på ulykker kor uvettig mobilbruk har delar av skylda.

– Det å snakka i telefon medan du kjører har vore eit samtaleemne sidan mobiltelefonen kom. Men no i den seinare tid har det tatt av med Snapchat, Messenger og teksting – og det er rett og slett uakseptabelt.

Han har aldri snappa og kjørt bil samstundes, men innrømmer å ha sett på ei tekstmelding eller svara på ein telefon, slik som alle andre.

– Eg er ikkje feilfri, langt i frå, men når ein går frå det stadiet å gløyma seg eit sekund, til det å aktivt filma i ti sekund medan ein ligg i 70–80 kilometer i timen, det er fullstendig galskap.

Hjerne og kneskål

Gå inn på Snapchat, fokusera, ta eit bilde eller ein video. Senda den til 10–15 venner. Heile prosessen med å snappa tar normalt berre 20–30 sekund. Men då kan det vera for seint. I 80 kilometer i timen, beveger du deg 22 meter i sekundet.

– Du legg vekk all observasjon på trafikken, du ser berre på mobiltelefonen. Me snakkar av erfaring, for me veit korleis det ser ut på ein ulykkesstad. Det er ikkje noko kjekt å høyra aggregat, knusing og smelling, skjering av ruter og vaksne og ungar som skrik og hyler.

Kollega Vidar Hansen følger opp med kva bilde brannmannskapane kan ha på netthinna når alarmen går.

– Når me rykker ut skal me førebu oss mentalt på kva me kan oppleva. Kjem eg til å sjå hjerne, kneskåler eller innsida av magen? Dess høgare me bygger opp forventningane, dess lettare er det når me kjem fram og skal gjera ein jobb.

ULYKKE: Lite skal til før det smell i trafikken, endå mindre om ein brukar mobilen samtidig som ein kjører. Foto: Erlend Kristiansen (illustrasjon)

Ufrivillig drapsmann

Tala på trafikkdrepte i Norge blir stadig lågare. I fjor døydde 107 personar i og langs norske vegar ifølge Statens Vegvesen. Skal det talet minka ytterlegare bør mobilen leggast vekk under heile kjøreturen, meiner Nils Medaas i brannvesenet.

– Det er litt underleg i vårt HMS-opplyste samfunn at folk gjer sånt. Sikkerheitsbelte er grunnutrustninga vår, syklar du utan hjelm er du litt gal, og du drikk heller ikkje alkohol når du kjører bil. Men det er ein «missing link» i vårt «HMS-samfunn» at så mange brukar mobilen i trafikken.

Renholm meiner folk bør skjønna alvoret i å kombinera mobil og bil.

– Viss ein høyrer om eit drap i regionen vår, så får mange ein sånn tanke «Gud hjelpe meg, dette er alvorleg!» Men det er få som tenker over at du blir gjort til drapsperson viss du kjører ned ein person, berre fordi du var opptatt med telefonen din. Då er det du som har drept nokon. Du øydelegg livet ditt, i tillegg til offerets og mangfaldige andre personar rundt deg.

SNAPCHAT: Mange unge er avhenige av Snapchat, og især «streaks», som markerer kor mange dagar du har sendt og mottatt meldingar frå ein person. Foto: skjermskot

I tillegg kjem alle dei som blir hardt skada.

– Det er ikkje berre slik at du overlever og kjem ut av sjukehuset, så fortset livet som før. I staden ventar tallause behandlingar og operasjonar og ein smerteprega kvardag. Utdanning og karriere kan du berre gløyma, seier Medaas.

Fekk mobilgebyr

Også Medaas har brukt telefonen under kjøring, men for ei stund sidan fekk han ein god lærepenge.

– Eg fekk ein telefon frå sonen min som tipsa meg om at det var trafikkontroll i Knarvik. Og i det eg tar opp telefonen, så ser eg djupt inn i auga på han som hadde kontrollen...

Enda på visa blei sjølvsagt eit velfortent gebyr.

– Ein annan gong såg eg ordføraren stå inne i ei busslomma og tasta på telefonen. Så eg stoppa og spurde henne, og då sa ho at ho alltid stoppar opp når ho skal bruka telefonen. Det var så fornuftig sagt, og sidan har eg gjort det same.

UHELL: Fleire uhell, også lokale, skuldast mobilbruk ifølge blålysetatane. Foto: Pixabay

Gir beskjed

Renholm, som delte Facebook-innlegget, gir sjølv klar beskjed viss han ser venner som kombinerer mobil og kjøring.

– Nyleg skreiv eg til ei venninne på Snapchat om ho var klar over konsekvensane. «Oj, det beklagar eg» svara ho. Eg svara at det er ikkje meg ho skal beklaga til, eg får betalt for å rykka ut og redda liv, ho skulle heller beklaga til dei som hadde blitt påført skade ved ei ulykke.

Oppfordringa frå TSU er difor klar:

– Ringer telefonen når du kjører, ver venleg og legg deg inn til sida. Og er du passasjer i ein bil eller ser ein bussjåfør som brukar telefonen, så gi beskjed om at det ikkje er greitt. Det kan vera du eller dine eigne som blir skada.

– Og er du passasjer kan du tilby deg å lesa tekstmeldinga som kjem, eller ta telefonen og sei at han eller ho ikkje kan snakka, men kan ringa opp igjen etterpå.

Sjå video frå mobildokumentert trafikkuhell her: