NYE GARDEROBAR: Garderobane skal no bli universelt utforma og få vassboren varme i golva. Det blir også nytt ventilasjonsanlegg både i garderobane og symjehallen.
IKKJE PLANLAGT: Å skifta taket på barnehagen var eit prosjekt kommunen kasta seg på då det i statsbudsjettet som vart lagt fram i oktober, var med ein vedlikehaldspakke som skulle skapa aktivitet i kommunar der arbeidsløysa er over landsgjennomsnittet. Med 74 ledige, dvs. 4,9 prosent av arbeidsstokken, kom Austrheim ut med Austrheim 1.542.000 kroner. Pengane skulle brukast på ikkje planlagde tiltak og kunne såleis ikkje brukast i eit budsjettert prosjekt som oppussing av skulen.
TAK OG KLEDNING: Delar av skulen, det såkalla Kaland 2-bygget, har også fått nytt tak og ny kledning.
NYTT VENTILASJONSANLEGG: I symjehallen skal det installerast nytt ventilasjonsanlegg og gjerast ei standarheving på det elektriske anlegget.
PÅ VENT: Det eldste bygget på skulen, kalla Kaland, går ei litt usikker framtid i møte, difor er det berre skifta ut vindauge i første etasjen her.

– Dette er eit stort og kostbart prosjekt som må gå over litt tid, presiserer leiar for Teknisk drift i Austrheim kommune, Rolf Henning Myrmel.

Arbeidet starta i januar og så langt er det skifta ut oppunder femti vindauge på skulen. Delar av skulen har også fått nytt tak og ny kledning.

Nye garderobar

No er det garderobane som står for tur. Dei har ikkje vore pussa opp sidan dei vart bygde på byrjinga av 70-talet, seier Myrmel.

Rektor Eldbjørg Bakke fortel stolt at det no skal bli vassboren varme i golva og nytt ventilasjonsanlegg både i garderobane og symjehallen, noko som vil gi både energiøkonomisering og betre inneklima.

Alt skal også bli universelt utforma.

– Det kjem til å bli utruleg bra, og me gler oss veldig til det blir ferdig, seier ho.

Kor tid det skjer, veit ho ikkje heilt, men ho satsar på at det stå klart til skulestart neste år i alle fall.

Stengt basseng

Av praktiske årsaker vil bassenget vera stengt heile dette skuleåret. Elles løyser dei garderobeproblemet med at dei eldste elevane reiser til Mongstadhallen for å ha gym, medan dei yngste brukar gymsalen på Kaland.

Arbeid med utbetringar av ventilasjonsanlegg og diverse anna i gymsalen vert starta opp neste år.

Ny brannsentral

Myrmel fortel at det også vert installert ny brannsentral på skulen.

– Dette var påkravd, og er ei stor forbetring som me er glade for no kjem på plass, seier han.

Også Kaland barnehage som ligg vegg i vegg med skulen merkar utbetringane. Der skal det skiftast mykje av taksteinen, og utanfor er det fjerna mengder med sitkagran som tok det meste av lys inn i barnehagen og på uteområdet deira.

Snart ajour

I fjor vart kommunen ferdige med ei stor oppgradering på Årås skule, og for nokre år sidan vart mellom anna personalfløyen på Kaland rusta kraftig opp.

– Med oppgraderinga me gjer på Kaland no, føler eg me har teke inn mykje av etterslepet me hadde på vedlikehald av skulebygga våre, seier Myrmel.