Vestland fylkeskommune tilrår no alle elevar ved vidaregåande skular i fylket som har symptom på koronavirus, eller har vore i kontakt med nokon som er smitta, om å isolera seg heime.

BT skriv at følgjande melding blei sendt ut søndag:

«Har du den siste tiden vært i område med koronasmitte eller i kontakt med noen som var smittet og selv har symptomer på smitte, tilrår vi i at du tar hjemmeisolasjon og kontakter fastlegen pr. telefon».

Folkehelseinstituttet definerer følgjande som område med vedvarande spreiing: Det er Kina, Hongkong, Singapore, Japan, Iran, Sør-Korea og regionene Lombardia, Piemonte, Emilia-Romagna og Veneto i Italia.

– Det er fordi folk kjem tilbake frå vinterferie. Det er viktig at dei som kjem skal kjenna seg trygge, og vi vil derfor be folk halda seg heime dersom det er mistanke om koronasmitte, seier direktør for opplæring, Bjørn Lyngedal, i Vestland fylkeskommune til BT.