Sidan starten av november har det vorte utført sikringsarbeid på nordsida av tunnelopninga, men no vert det stogg i ein månad framover.

Frost

Årsaka er at mykje frost har skapt problem for arbeidet. Difor har utstyret vorte pakka ned og arbeidarane sendt til andre oppdrag inntil vidare.

Byggjeleiar Bente Bjotveit i Statens vegvesen seier til Strilen at arbeidet er venta å starte opp att i midten av januar. Då vert det igjen trafikkdirigering og ledebil gjennom tunnelen og forbi fjellpartiet som skal sikrast.

– Det er også greitt at ein slepp trafikkdirigering i tida før jul, seier ho.

To bolkar

Enkelte har stussa på at vert arbeidd langs vegen no, for det vart også jobba der i fjor.

Grunnen er at fjellsikringsarbeidet vert utført i to bolkar.

Den første bolken i fjor, og den andre i år – med framhald i januar-februar. Då ventar det fire til seks veker med arbeid før det heile er ferdig. Det er ikkje kjent om det blir arbeid på dag eller kveld/natt.