11. september skal valet avgjerast, og i dagane etterpå vil nok diskusjonen gå om kven som skal styre kommunen,

Men at Alver får ein kvinneleg ordførar, er høgst sannsynleg.

For med mindre det skjer eit valskred utan like, blir det ein av desse fem som skal leie Alver dei neste fire åra:

Foto: Henrik Hauken

Ingrid Duesund Fjeldsbø

Høgre sine viktigaste saker framover er å få ei god økonomisk styring i Alver, samstundes som dei vil kjempe på lag med næringslivet.

Ingrid ønskjer også å jobbe for at kommunen blir meir open.

– Vi får mange tilbakemeldingar frå folk om dei ikkje får svar på søknadane sine, t.d. i byggesaker. Sender innbyggjarane spørsmål til kommunen, skal vi svare. Vi må vere ein inkluderande kommune, på deira premissar. Det er viktig at vi speler på lag, lyttar, og kjem fram til gode resultat.

—> Ingrid kan bli Alver sin neste ordførar: – Eg er først og fremst mamma <

Foto: Henrik Hauken

Mary-Ann Mostraum

– Skilnaden på meg og mange andre er at eg har over 20 års erfaring frå det private næringslivet.

Det er ei offensiv Mary-Ann Mostraum som møter Strilen i sin nye heim, berre eit steinkast unna der suksessbedrifta Roslagen shipping held til på Hjelmås.

– Vi bør drive kommunen meir som ei bedrift, for vi ser at kommunen sin økonomi ikkje går så bra. Då må vi dykke ned i tala for å sjå kor vi kan spare og effektivisere.

—> Mary-Ann ønskjer å tilføre politikken noko nytt: – Bør drive kommunen som ei bedrift <

Foto: Henrik Hauken

Sara Hamre Sekkingstad

– Eg tar attval fordi dei siste fire åra har vore kjekke. Eg har møtt mange fine folk og vore med på å byggje ein kommune med stort potensial, og fått vere med på å utvikle kommunen vår, seier ho, og legg til:

– I ein kommune med 30.000 innbyggjarar skulle eg møtt endå fleire. Det er mange innspel frå folk, som eg ønskjer å ta meg tid til å høyre. Eg har vore ute på arrangement, og takka ja til alt eg har hatt tid til, men eg skulle gjerne hatt endå meir tid til å følgje opp saker folk har tatt kontakt med meg om.

– Kven er eigentleg Sara?

– Eg er eit ja-menneske. Eg seier stort sett alltid ja. Bror min sa det så fint i talen sin då eg gifta meg i fjor; «Sara, du er eit ja-menneske. Det har til og med Pål Adrian fått erfare i dag».

—> Sara vil halde fram som ordførar: – Har vore fire kjekke år <

Nina Bognøy

– Eg vil at barn og unge skal få ein start i våre barnehagar og skular, som gjer at vi lagar vegen for gode liv. Til eit heilt tidsløp, seier Nina Bognøy.

For nettopp barn og unge sin tryggleik, er viktig for Nina.

– Det er viktig at vi gjer ungdommane våre trygge, inn mot utdanningsval, slik at dei kan ta fatt på vaksenlivet, og vere stødige og trygge i livsvegen dei har framfor seg.

—> Varaordføraren som aldri gir seg: – No er eg klar til å tre inn i rolla som ordførar <

Astrid Aarhus Byrknes

Astrid er godt fornøgd med at Alver kommune landa ein samfunnsplan, og seier at både ho og Krf-gruppa i kommunestyret jobba intenst med den.

– Dette er fundamentet for korleis vi skal utvikle Alver vidare, spesielt med tanke på den oppveksande generasjon, men også for dei godt vaksne. Det var spesielt kjekt å få heile kommunestyret med seg, då vi kom med forslag om at Alver kommune skal vere ein livssynsopen kommune. Uansett kven ein er, kva for kjønn ein har, kva for religion, så skal det vere plass til alle.

Når det kjem til saker som kunne vore betre løyst, er det særleg ei sak Astrid trekk fram.

Lærarsakene i Alver.

– Der feila eg. Her gjorde eg ikkje jobben min.

—> 60-åringen som aldri sluttar å bry seg. No vil Astrid bli ordførar på ny <