SISTE: Ferja er tilbake i rute igjen frå klokka 11.15.

Klokka 10.34 fredag melde Norled at MF «Melderskin» hadde tekniske problem, slik at det vart stopp på sambandet over Fensfjorden.

Inge Andre Utåker i Norled kunne då ikkje seia kor lenge ferja ville vera ute av drift.

– Me har ein oljelekkasje i styremaskina på Melderskin. Ein driv og skrur for å retta på dette. Det kan vera fort gjort, men me har ikkje funne feilen enno, seier Utåker som understrekar at det ikkje er snakk om nokon lekkasje på sjøen.

Melderskin kom tilbake i drift på sambandet torsdag. Då hadde den rutinerte ferja akkurat komme tilbake frå eit vel fire veker langt, planlagd vedlikehald i Sunnhordland.

I mellomtida var det MF «Bjørnefjord» som trafikkerte strekninga.

PS: Frå klokka 15 til 21 fredag er det sett inn ei ekstra ferje på E39 mellom Lavik og Oppedal ifølge Norled.