Psykiske helseproblem og kriser kan ramma alle. I ei tid der utgiftene til daglegvarer, straum, drivstoff og renter aukar, er det mange som slit med å få endane til å møtast.

– Det er vanleg å kjenna på stress og ubehag når ein ikkje klarer å betala rekningane. Mange får også søvnvanskar, seier kommunepsykolog Rakel Drønen Reigstad.

No går ho og Nav Alver saman for å formidla at det finst gode hjelpetilbod og at det er lurt å be om hjelp tidleg.

Jo før, jo heller

– Jo tidlegare ein tar tak i situasjonen, jo betre. Venter ein lenger, så blir både den personlege belastninga større og valmoglegheitane kan bli færre, seier avdelingsleiar Susanne Gjelsvik ved NAV Alver.

NAV Alver har eit team på tre personar som ein kan ta kontakt med om ein har gjeldsproblem.

– Gjeldsproblem kan ramma alle, frå ungdom til pensjonistar. Me ser at særleg forbrukslån og kredittkortgjeld kan laga problem, seier Gjelsvik.

Nav har merka ein svak auke i talet på personar som har tatt kontakt i haust, men auken er liten når ein ser på den generelle prisauken i samfunnet. Difor mistenkjer dei at det er mange som ikkje kjenner til tilbodet.

Påverkar helsa

– Som psykolog veit eg ein del om samanhengane mellom dårleg økonomi og psykisk helse, seier Reigstad.

Psykologar kan hjelpa med å handtera stress og bekymringar, men visst stresset skuldast økonomiske vanskar, kan det vera lurt å begynna i den enden.

– I nokre tilfelle kan søvnvanskar og stressnivå forsvinna berre ved at ein får hjelp til å handtera økonomien. Det er også god førebygging å ta tak i slike ting, fordi det minskar sjansen for at ein får større psykiske vanskar, seier ho.

I tillegg til uro og søvnproblem, er det vanleg at personar som har økonomiske vanskar vegrar seg for å opna brev.

– Ein del sluttar å gjera det fordi dei opplever situasjonen som for overveldande. Då mister ein oversikta, og når ein ikkje har oversikt så kan ein også tru at problemet er større enn det faktisk er, seier Reigstad.

Hjelper med oversikt

Hjelp til å få oversikt, er ein av tinga gjeldstenesta til Nav kan bidra med.

– Første steg i prosessen er å få oversikt over økonomien og finna ut kor mykje gjeld ein har, seier Gjelsvik.

Neste steg er å sjå på om ein kan få ned utgiftene eller auka inntektene.

– Vidare kan me hjelpa med oversikt over kreditorane og forhandlingar med dei, seier Gjelsvik.

Både ho og kommunepsykologen vil formidla at det ikkje er farleg å ta kontakt.

– Me vil gjerne snakka med deg, og støtta deg gjennom ei omstilling som me veit er hardt arbeid. Arbeidet ein legg inn betalar seg med økonomisk tryggleik, kontroll over gjeld og utgifter, seier Gjelsvik.

3 millionar til sosialhjelp

I tillegg til rådgjeving er NAV førebudd på ein julemånad med fleire utbetalingar av økonomisk sosialhjelp.

Treng du hjelp til det aller nødvendigaste til dømes mat, medisinar, bustad med meir, kan du søkje om økonomisk sosialhjelp.

For desember har NAV Alver budsjettert sosialhjelpsutbetalingar til 3 millionar kroner.

Treng du hjelp kan du enten ringja hovudnummeret til Nav og bli sett vidare til rett avdeling der, eller ringja direkte til kommunepsykologen eller gjeldstenesta i Alver.