Natt til onsdag har det vore tjuvar på ferde langs Austfjordvegen i Masfjorden, ved Einestrand.

Det blei oppdaga rundt klokka 04.30-tida på natta då ein tilsett skulle parkere ved Mesta sitt anlegg i området.

– Då vedkommande var i ferd med å parkere, så var det to andre bilar der og to uvedkommande personar. Dei skal ha vore i ferd med å stele verktøy og diesel frå ein tank. Dei stakk av då den tilsette kom, fortel politistasjonssjef Kjell-Idar Vangberg.

Saka er meldt til politiet.

Siste innlegg

Har du tips eller spørsmål? Send ei melding her:

Send melding
Erlend Nordland Kristiansen

Masfjordtunnelen blei stengd

Klokka 14.47 melde Vegtrafikksentralen at E39 Masfjordtunnelen var stengt på grunn av eit køyretøy med stans inne i tunnelen.

Klokka 15.16 melde dei om fri ferdsel igjen.

Det blei likevel ein del kø, først og fremst på nordsida, gjennom, Matre, då det er ein stor heimfartsdag.

Erlend Nordland Kristiansen

Mann i rullestol på E39

Ferda langs E39 skal ha starta på Flatøy og halde fram vidare mot Knarvik. Her ser vi NH-brua i retning Flatøy. Gråsladden på bildet har ingenting med saka å gjere. Foto: Statens vegvesen

Klokka 13.55 melde Vest politidistrikt om ein person i rullestol på E39 på Flatøy.

«Flere meldinger om mann i en elektrisk rullestol som kjører nordover i motgående kjørefelt på E39. Kjørende fra Knarvik mot Nordhordlandsbroen må utvise forsiktighet. Politiet er på vei».

Klokka 14.04 melde politiet at rullestolbrukaren var blitt stansa på Hagelsundbrua. Der skulle dei ta ein prat med han og truleg geleide han på trygg grunn.

«Eldre mann har fått streng beskjed av politiet om å fortsette ferden videre på fortauet».

Erlend Nordland Kristiansen

Rykte ut etter melding om ordensforstyrring

Politiet ved rundkøyringa ved Amfi Knarvik og Knarvik terminal. Foto: Henrik Hauken

Klokka 13.16 på 17. mai melde Vest politidistrikt om at dei hadde rykt ut til Knarvik etter melding om ei ordensforstyrring ved bussterminalen.

Vel framme på staden kunne dei konstatere at det hadde vore usemje blant nokon på staden, men at det ikkje blei ei vidare politisak.

Erlend Nordland Kristiansen

Har merka fartshump: – Endeleg!

Små striper, små kvardagsgleder! Foto: Willy Borge

På Areklettvegen i Masfjorden, som går frå Fv. 570 og utover mot Holsøya og Areklett, er det fartshumpar.

Dét er det ikkje alle som får med seg.

Derfor kjem Willy Borge i Nordbygda med denne lokalnyheita:

«ENDELIG er fartshumpene på Areklettvegen merket. Håper dette bidrar til tryggere ferdsel for alle som ferdes på vegen. De var veldig vanskelige å sjå, mange fikk uventet hoppetur over», skriv han i ei melding til Strilen.

Ein fartshump, no også godt merka! Foto: Willy Borge
Her må du avpasse farten, både fordi det er hump og potensielt mjuke trafikantar og motgåande trafikk! Foto: Willy Borge
Martin Hjellestad

Bil køyrde i mur: – Ingen fastklemte

Like etter klokka 17 onsdag melde Vegtrafikksentralen om ei singelulykke på Fv. 570 Austfjordvegen i Masfjorden.

Ifølgje VTS har ulykka skjedd mellom Kvingo og Kjekallevågen bru.

Politiet melde at bilen har køyrt i ein mur, og at vegen blei stengd.

Førar av bilen blei beskriven som vaken og bevisst.

Brannvesenet var først på staden, mens politi og ambulanse kom til etter kvart.

Klokka 17.45 melde politiet at førar var køyrt til legevakt.

– Ingen mistanke om køyring i ruspåverka tilstand. Vegen er stengd og bilbergar er på veg.

Klokka 18.42 var vegen opna igjen.

Martin Hjellestad

Brann i terreng på Holsnøy

Klokka 18.10 tysdag fekk naudetatane melding om brann i terrenget på Holsnøy.

Politi og brannvesen rykte ut til staden.

– Det er ikkje fare for spreiing til busetnad. Brannvesenet har starta sløkking, melde operasjonsleiar i politiet, Tommy Veland, klokka 18.30.

Brannen skal ha oppstått i nærleiken av Grasdalstjørna/Espetveit, som er fem–seks kilometer nord for Frekhaug.

– Brannvesenet jobbar med å få kontroll på brannen. Har brent over eit større område og det ulmar framleis fleire stader. Fleire brannressursar på veg, melde politiet klokka 18.39.

Ti minutt seinare melde 110 Vest at brannvesenet har slått ned flammane.

– Det er framleis røykutvikling, så det er ikkje meldt kontroll endå, seier vaktkommandør i 110-sentralen, Dag Inge Gjesdal.

Men, klokka 19.04 melde 110 Vest om kontroll på brannen på Holsnøy. Det er framleis mannskap att på staden.

Like før klokka 21.30 skal naudetatane vere ferdig på staden.

– Det er eit område på cirka 1000 kvm som har brent. Politiet opprettar sak, melde operasjonsleiar Tommy Veland i politiet.

EK, MBH

Lang kø etter brann

Kø på Nordhordlandsbrua før klokka 15.30. Foto: Statens vegvesen

Det er i skrivande stund lange køar i Knarvik og omland etter at ein semitrailer tok til å brenne i Isdalstø då ettermiddagsrushet for alvor tok til.

Når klokka nærmar seg 15.30 er det kø over Flatøy og Nordhordlandsbrua, gjennom Knarvik og vidare ut til Alverflaten og Isdalgardane.

Vest politidistrikt melde at vegen opna for fri ferdsel igjen klokka 15.33. Det vil likevel gå tid før trafikken flyt som normalt att.

Like før klokka 16 strekk køen seg langt over NH-brua mot Åsane.

HH, MBH, EK

Brann i semitrailer i Isdalstø

Hendinga skal ha skjedd like ved avkøyringa til Spar Isdalstø. Foto: Henrik Hauken

Klokka 14.47 tysdag melde 110-Vest om at brannvesenet er på veg til brann i ein semitrailer i Isdalstø.

Strilen sin journalist i området seier det er lang kø og at bilistar snur.

– Det har byrja å brenne i eit dekk, og dei melde no kontroll på brannen, seier vaktkommandør i 110-sentralen, Dag Inge Gjesdal.

Køen står i 15-tida gjennom Knarvik.

Strilen oppdaterer

Køen står opp heile Isdalbakken og bakover forbi rundkøyringa i Knarvik. Foto: Henrik Hauken
Naudetatane er på veg til Isdalstø i motsett køyreretning på grunn av køen på Fv. 57. Foto: Henrik Hauken
Brannen førte til at Fv. 57 i Isdalstø vart heilt stengt. Foto: Henrik Hauken
Foto: Statens vegvesen
Erlend Nordland Kristiansen

2x førarkortbeslag

Knarvik: Her enda bilen etter utforkøyringa i Strandvegen måndag kveld. Foto: Erlend Kristiansen

Politiet har tatt midlertidig beslag i førarkorta etter ulykkene i Knarvik måndag og på Alverflaten tysdag.

Under ulykka på Alverflaten vart politiet vitne til det heile, då dei hadde kontroll berre få meter unna.

Ifølge Glenn UIrik Våge i NH-politiet hadde betjentane halde på i rundt 30 minutt då ein taxi med to personar køyrde i autovernet. Kontrollen vart då avslutta, utan at det vart gitt reaksjonar til nokon.

Det var to personar i bilen, der den eine blei sendt til sjukehus med ukjent skadeomfang.

Alverflaten: Like ved busstoppet krasja bilen inn i autovernet. Foto: ST-tipsar
Erlend Nordland Kristiansen

Arbeidstilsynet varsla etter Mongstad-ulykke

Arbeidstilsynet er varsla etter arbeidsulykka på Mongstad måndag, der ein mann i 20-åra skal ha blitt CO2-forgifta i samband med arbeid med ei motorsag i eit telt.

Arbeidaren blei frakta til Haukeland universitetssjukehus.

Glenn Ulrik Våge i politiet seier dei har oppretta sak på hendinga.

Ut frå loggen kunne ikkje han lese kor på Mongstad hendinga skjedde.

Erlend Nordland Kristiansen

Éin til sjukehus etter krasj

Det var ein taxi som krasja på Alverflaten i 7-tida. To personar var i bilen.

– Passasjeren blei henta av ein annan taxi, mens førar er sendt med ambulanse til sjukehus, sa operasjonsleiar i politiet, Steinar Hausvik, til BT.

Skadeomfanget er ukjent. Det er tatt beslag i førarkortet til føraren.

Politiet var allereie på staden då ulykka skjedde, som følge av ein ordinær politikontroll langs vegen.

Erlend Nordland Kristiansen

Åtvarar om terrengbrannar

Erlend Nordland Kristiansen

Kø på Alverflaten

Politiet hadde i utgangspunktet kontroll på Alverflaten, men plutseleg vart det full fokus på ulykka, skadestadssikring og trafikkdirigering i staden. Foto: ST-tipsar

Ved 8.10-tida var bilbergar på Alverflaten for å ta med seg bilen som krasja i autovernet ein time før. Politiet var også til stades for å dirigere trafikken.

Det blei likevel lang kø i området. Køen skal ha stått fleire hundre meter bortover Alverflaten og godt på inn på eit par av sidevegane.

Det er venta at det vil løyse seg opp når bilbergar er ferdig på staden.

Politiet dirigerer trafikken. Foto: ST-tipsar
Kø for å komme seg inn på fylkesvegen. Foto: ST-tipsar
Erlend Nordland Kristiansen

Krasja inn i autovernet

Foto: ST-tipsar

Ein bil hamna i 7-tida tysdag morgon i autovernet på Alverflaten.

– Det var to personar i bilen, begge blir rekna som oppegåande, seier operasjonsleiar i politiet, Steinar Hausvik i 7.30-tida.

Smellen skal ha vore såpass at det blei liggande delar att ved ulykkesstaden.

Ein Strilen-tipsar var på tur med hunden då køyretøyet plutseleg hamna i autovernet.

«Eg bråvakna på morgonturen», seier tipsaren, som gjekk på gangvegen meter unna då det small.

Det blei litt stans og kø etter ulykka. Etter kvart begynte politiet å dirigere trafikken forbi i eitt felt.

Politiet var rekordraskt på staden. Dei hadde nemleg kontroll på strekninga, så dei kunne straks ile til. Kontrollen blei sjølvsagt avslutta som følge av ulykka.

Bilbergar blei sendt til staden for å ta med seg køyretøyet.

Anders Totland

Mann i 20-åra CO2-forgifta på Mongstad

Klokka 20.44 melde politiet om ei arbeidsulykke på Mongstad.

Ein mann i 20-åra skal ha blitt CO2-forgifta i samband med arbeid med ei motorsag i eit telt.

Mannen skal vere vaken og medviten, men har vore medvitslaus, melder operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen i Vest politidistrikt.

Han skal ha pusta inn røyk og glasfiberstøv. Mannen er køyrd til akuttmottaket på Haukeland, opplyser politiet.

Dei veit ikkje meir om hans helsetilstand, eller om pårørande er varsla.

Politiet jobbar på staden med undersøkingar.

AT, MSR, HH, EK

Éin til sjukehus etter utforkøyring

Bilen inne på XL-Bygg sitt område. Foto: Henrik Hauken

Litt etter klokka 19.30 måndag kveld melde 110-sentralen om ei trafikkulykke i Strandvegen i Knarvik.

– Ein bil skal ha køyrd ned ei skrent, fortel vaktkommandør Dan Inge Gjesdal på 110-sentralen til Strilen klokka 19.45.

Slik blei bilen ståande etter hendinga. Bilen har køyrt ned skrenten i forgrunnen her. Foto: Erlend Kristiansen

Bilen skal også ha treft to tilhengjarar og køyrt delvis over ein bekk, før det blei stans på ein parkeringsplass inne på eit industriområde. Dette høyrer til XL-Bygg i Strandvegen, som elles er eit roleg bustadområde sentralt i Knarvik.

Knut Dahl-Michelsen på politiet sin operasjonssentral fortel at det var to personar i bilen, og at ein blei sendt til sjukehus.

– Vedkommande er våken og medviten, men med brotskader. Den andre vart sjekka på staden og vart dimittert utan behov for oppfølging.

Brannvesenet tok seg av ein oljelekkasje etter hendinga og kunne returnere etter relativ kort tid.

Då Strilen var på staden i 20.40-tida var det berre politiet att på staden. Dei to hengjarane ligg henslengt på oppsida av bilen.

– Det er oppretta sak, men årsakssamanheng er for tidleg å seie noko om. Det er ikkje mistanke om rus, seier Michelsen.

– Vi fekk melding om eit trafikkuhell der ein bil har hamna utfor ein skrent. Det var to personar involvert, seier politibetjent Sigve Haugsdal. Foto: Henrik Hauken
Alle nødetatane rykte ut til Strandvegen. Då Strilen var på staden i 20.40-tida var berre politiet att. Foto: Henrik Hauken
Erlend Nordland Kristiansen

18-åring tatt i 136 km/t

Like etter opninga av nyevegen på Radøy hadde lokalt politi laserkontroll på strekninga.

Dermed kunne dei på kort tid skrive ut 15 forenkla førelegg, kor den raskaste heldt like over 100 km/t.

I helga melde BA at ein sjåfør, ein 18-åring, hadde blitt tatt i 136 km/t av UP i ei 80-sone på Radøy på onsdag. Dermed blei tenåringen fotgjengar kort tid etter å ha fått lappen.

Det er ikkje spesifisert kor denne 80-sona var, og det treng ikkje nødvendigvis vere nyevegen, men politiet har varsla at dei fryktar høg fart på strekket og at dei derfor vil ha fleire kontrollar der.

Erlend Nordland Kristiansen

Skadeverk på lastebilar

Laurdag kveld klokka 19 fekk politiet melding om skadeverk på nokre køyretøy i Isdalstø-området.

Ifølge fungerande politistasjonssjef Ivar Holmaas ved Nordhordland politistasjon, kan det ifølge loggen dreie seg om tre lastebilar som har blitt utsett for skadeverk med brannsløkkingsapparat.

Det skal ikkje vere knust ruter i samband med skadeverket.

Politiet er interessert i tips i saka.

– Det står ikkje fram som veldig omfattande, men det kan fort bli ein del kostnadar med det uansett, seier Holmaas.

Erlend Nordland Kristiansen

Kjørte 21 km/t over grensa – må ut med 9000 kr

I 20-tida laurdag kveld var UP ute på E39 i Leknes-området.

I 70-sona fekk to bilistar forenkla førelegg for hastigheit. Høgaste fart var 91 km/t, som svarer til eit gebyr på 9550 kroner og tre prikkar på førarkortet.

Erlend Nordland Kristiansen

Mundalsbergtunnelen blei stengd

Mundalsbergtunnelen blei stengd på grunn av ein gjenstand i vegbana, melde Vegtrafikksentralen klokka 8.34.

Rundt eit kvarter seinare melde dei om fri ferdsel igjen.