Opp gjennom åra har han dømt hundrevis av kampar og tusenvis av fotballsparkande nordhordlendingar på ulikt nivå. Som oftast med eit smil på lur, og med korta tett til brystet. Og sjølv om få har vore så tett på fotballen i regionen som Bartholdsen, har det blitt heller få touch på ballen.

Comeback mot topplag

Men i Fedjes aller siste kamp for sesongen, mot topplaget Bjørgvin, skulle fotballdommaren endeleg få gjera comeback som fotballspelar, for første gong sidan 1983.

SJELDANT SYN: Det er ikkje ofte Arne Bartholdsen drar fram det raude kortet. Av og til gjer han det likevel.

– Når eg har dømt har eg alltid sagt: ”skyt de ein poleball og eg er tretti meter bak, så kan ikkje eg blåsa offside!”. Eg er sikker på at det vil bli hardare i dag. Når du dømmer så legg du jo opp løpet sjølv, seier Bartholdsen før han med sjølvironi legg til:– Eg har aldri fått høyra at eg er supermann.

Flytta sørover

Fotballkarrieren til Bartholdsen strekker seg tilbake til 1976, då familien hans flytta frå Nordreisa til Setermoen i Troms. Nokre år etter, i 1981, vart det nye forandringar i livet.

– Faren min var snikkar, og oppe i Nord-Norge kunne det vera 40 minusgrader. Ein dag kom han heim, saman med ein flyttebil på 50 kubikk og sa: ”Nu fløtte vi!”. Kor skal me då, spurde eg. ”Vi skal til Bergen”.

Dermed gjekk turen sørover og enda på Strusshamn på Askøy. Det første spørsmålet den unge niandeklassingen Arne får i sin nye klasse er: ”Kan du spela fotball?”.

– Og ja, det kunne eg. Og då vart eg godtatt i 9F, som var ein fotballgal klasse.

FØR START: Fedje-sjef Helge Stokholm gir dei siste beskjedane før kampen er i gong. Arne Bartholdsen står og trippar.

Etter ungdomsskulen reiste han så oppover til Nord-Norge att, kor han budde hos bestemora. Og etter eit dommarkurs på Lyngen camping i 1983 vende han igjen snuten mot Bergenstraktene. Bartholdsen ville framleis spela fotball, men på Frekhaug var det dårleg med tilbod på juniornivå.– Kvernbit ringte til Knarvik: ”Me har ein juniorspelar, kan de bruka han?”. Så då begynte eg å spela for Knarvik. Ingen visste kven eg var, men eg huskar eg spelte heile kampen mot Smørås. Me tapte, men eg skåra vårt andre mål.

Same året fekk han også prøva seg i Nordre Holsnøy-drakta, som då vart hans siste ”offisielle” fotballerfaring fram til i år.

Krampe i begge bein

For frå 1983 kom dømminga i fokus, og gjennom dei siste trettitre åra har dommarnomaden representert Kvernbit, Nordre Holsnøy, Knarvik, Radøy, Hovding, Bergen Nord og Fedje, ramsar Bartholdsen opp.

– Alf Flatøy i Kvernbit var ein viktig mentor for meg då eg starta opp. Han kom alltid til meg med gode tips og råd, skryter han.

Til dagen er han lastebilsjåfør for Rivenes AS, og kombinert med dommarjobben har det blitt svært mange kilometer på vegen gjennom åra. Han dømmer mindre no enn før, men på 80-talet kunne det vera verkeleg travelt.– Då eg var på mitt beste, så dømte eg nesten kvar dag. Eg huskar på 80-talet at eg reiste rett frå jobben hos Frekhaug støperi til fotballkamp. Baggen låg klar i baksetet.

Ikkje overraskande har han fleire historier på lur frå ein lang dommarkarriere.

– Eg skulle dømma Gulen mot Sleipner på Dalsøyra då Harald Haveland spurde om eg ikkje kunne ta ein gutekamp i same slengen. ”Ingen problem”, svarte eg. Det var ikkje så lurt likevel. I 2. omgang av seniorkampen kjenner eg at eg blir stiv i beina. Samtidig som Gulen ”rushar” opp for å skåra mål, blir eg ståande og kjem meg ikkje av flekken. Det var mange mobilar som ”blitza” rundt meg då: ”Dommaren ligg nede med krampe i begge bein”.

Men å læra av sine feil er ikkje allitd like nøye for ein som brenn for dommargjerninga.

– Eg dømte jo Kvernbit 2 mot Masfjord, og hadde dusja og sete meg i bilen. Plutselegringer det frå Radøy/Manger: ”Me har ein kamp mot BI-studentane som skulle starta no klokka tre. Kan du komma å ta den?”. Eg svarte berre: ”Har du cash til diesel så kjem eg! Er der kvart på fire!”

Fedje IL - Arne Bartholdsen comeback.JPG

– Har det ikkje vore krevande å vera dommar?– Det er dei som seier, ”eg synest du toler litt for mykje drit no, Arne”, men eg vil alltid vera litt grei og gi beskjed – litt for mange beskjedar. Kanskje dei får fire-fem sjansar før eg drar opp det gule kortet. Me skal jo mekla mellom spelarane, me er jo fredsdommarar. Alt er jo i kampens heite, etter kampen er me gode venner, seier Bartholdsen og legg til:

– Eg huskar eg skulle dømma G16-kamp mellom Lindås og Eikanger. Då var det nokon som sa. ”Gutta, ser du kven som skal dømma kampen? Me har tapt!” Dei har jo sine erfaringar med meg, men eg synest jo eg er rettferdig, ler han.

– Var borti ballen

Tilbake på Fyllingsdalen stadion skulle 7. divisjonskampen mellom Bjørgvin og Fedje ha starta for 15 minutt sidan. Men halve Fedje-laget sit fast i trafikken, og med berre elleve spelarar i troppen lyt ein venta.

Men når kampen endeleg bles i gang, blir det eit overraskande tett oppgjer. Fedje yppar seg til tider, utan at Arne Bartholdsen får veldig gode arbeidsvilkår på topp. Til slutt ender det med eit knepent tap 3-4, der dommarveteran Bartholdsen takkar for seg etter 70 minutt på bana, då Fedje omsider får flydd inn ein tolvte mann.

Spelande Fedje-trenar Helge Stokholm tek av seg hatten.

– Det er jo imponerande når han ikkje har spelt sidan 80-talet.

Hovudpersonen sjølv var brukbart fornøgd med eigen innsats.

– Det gjekk som forventa, det var tungt. Eg var borti ballen to-tre gongar, det er ikkje så enkelt å snappa ballen frå motstanderen. Men 3-4— tap, det er ikkje så verst!

– Måtte du kjefta litt på dommaren?

– Nei, du veit, eg er dommar sjølv. Dommaren i denne kampen blir kalla ”Smiley” - kjempedommar!

Dommaren for anledninga, Kjell Martin Gilleshammer, har berre godord å seia tilbake om kollegaen sin.

– Bartholden klarte seg utmerka og gjorde ein fin figur. Han var berre grei med meg!