– Båten er ganske stor og har lagt der sidan 2014, seier Marius Furseth, som har sendt oss desse bileta.

No lurer han på om båten vert heva igjen.

Fredag i førre veke kontakta Furseth politiet, og ein brannbåt blei sendt ut for å sjekka om den lek olje eller diesel. Furseth håpar at eigaren får båten opp att.

Politiet opplyser at så lenge det ikkje er snakk om fare for liv og helse, sender dei meldinga vidare til kommunen.