Hipp hurra for dette 17. mai-vêret

Årets 17. mai kan bli den varmaste på over 20 år.

Publisert:

Her frå 17. mai-markering ved Meland kyrkje i fjor. Foto: Anne-Lise Nordpoll

  • Kristina Bøland
Denne artikkelen er over ett år gammel

– Det ser jo veldig lovande ut må eg seia, det kan faktisk bli litt varmt med bunad, seier vakthavande meteorolog Siri Wiberg til Strilen om nasjonaldagen.

Dei siste prognosane viser at gradestokken vil bikka 20 grader fleire stader i Hordaland.

For Nordhordland spår langtidsvarsla frå Yr og Storm litt i underkant av dette, mellom anna 18 grader i Knarvik og 19 grader på Frekhaug. Og sola skal skina over heile regionen.

– Det blir ein veldig fin, varm og sommerleg dag, slår Wiberg fast.

Ifølgje datosøk hos Yr er det 22 år sidan sist det blei målt over 20 grader på 17. mai i ved målestasjonen i Florida.

Auken i temperaturane kjem av eit høgtrykk som kjem inn over landet. Det vil bli liggande nord for Sør-Norge, men austavinden vil gi varm luft også sør. Det ser ut til at varmen vil halda fram inn i helga.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Kor har denne tatt vegen?

  2. – Me føler oss ikkje høyrde

  3. Hjelpekorpset handla raskt - no har dei fått fleire frivillige med på laget

  1. 17. mai
  2. Vær