I ei driftsmelding klokka 6.18 torsdag morgon opplyste ferjeselskapet Norled om at dei hadde tekniske problem med Fedjefjord. Dermed var sambandet innstilt.

Vanlegvis leiger ein skyssbåt via Fonnes Båtservice. Det var ikkje eit alternativ denne gongen, og dermed måtte «Tornerose», eigd av Gulen Skyss, steppe inn. Den båten var stasjonert i Sunnhordland og var difor ikkje på plass før avgang frå Fedje klokka 11.55. Sidan det har båten følgt ruteplanen.

– Det tok litt tid å få folk på plass, men me har folk om bord på Fedjefjord no, opplyser Inge Andre Utåker i Norled i 13.20-tida.

Skyssbåten «Tornerose» gjekk frå klokka 11.55 torsdag i rute mellom Fedje og Sævrøy.

Grunnen til innstillinga er ein feil på alarmsystmet om bord på Fedjefjord.

Ferja har lagt til kai på Fedje heile torsdag.

Utåker seier at han ikkje dei ikkje kan gi eit estimat på når ferja er tilbake i drift, men at dei vil sende ut melding.

Har du tips, bilde eller kommentarar? tlf 971 51 020, desk@strilen.no eller Facebook.