Oppdatering klokka 12:

– Eigaren har sjølv vore veldig årvaken og slokk brannen med eit teppe, fortel vakthavande brannsjef i Nordhordland brann og redning, Jakob Hernar til Strilen.

– Er alt under kontroll?

– Ja, no skal alt vere under kontroll på loftet, seier Hernar.

– Gedigent smell

Like før klokka 1030 melde 110-sentralen om at lynet slo ned i ein einebustad på Frekhaug.

– Eg høyrde eit gedigent smell frå Meland like før me fekk meldinga om lynnedslaget. Eg har aldri opplevd eit så høgt smell før, opplyser brannsjefen.

Nordhordland brann og redning rykka kjapt ut.

– Når det er mykje lyn og torden, så veit me at slike meldingar kan kome, innrømmer sjefen.

– Har du nokre tips til publikum når lyn- og tordenvêr herjar?

– Det kan vere lurt å sjekke huset ditt nøye om lynet har slått ned kor du bur. Ta òg ein sjekk av sikringsskap, og trekk ut stikkontaktar, informerer Hernar.