Naudetatene rykte tysdag kveld ut etter melding om brann i eit industribygg.
– Vi fekk melding klokka 21.01 om brann på eit målingslager ved Framo Flatøy, seier ein ordknapp vaktkommandør ved 110-sentralen, Helge Lund, til Strilen.
Både brannvern frå Knarvik og Åsane kom tidleg til staden.
Røykdykkarar var i aksjon. Det var ikkje meldt om opne flammar.
Utrykningsleiar i Lindås brannvern melde like etter klokka 22 at dei hadde kontroll på situasjonen.