Det blir stadig snakka om kraftkrise, og straumprisane har skutt i vêret.

Samstundes møter planar om vindkraft på land og utbygging av nye vassdrag stor motstand i mange lokalsamfunn.

Betre forsyningstryggleik

Jonny Hesthammer er leiar i M Vest Energy og tidlegare geologi- og geofysikkprofessor ved Universitetet i Bergen.

Han meiner kjernekraft er løysinga. Det er ei løysing som vil gi mindre naturinngrep og betre forsyningstryggleik.

– Sjølv om ein satsar på havvind er det ikkje realistisk å tru at me klarer å dekka heile det framtidige behovet. Med havvind og vasskraft er me dessutan avhengige av vind og vêr. Det er ein ikkje med kjernekraft, argumenterer han.

Jonny Hesthammer er leiar i M Vest Energy, og tidlegare geologi- og geofysikkprofessor ved Universitetet i Bergen. Foto: Privat

Fleire arbeidsplassar

Hesthammer meiner at ei satsing på kjernekraft vil gi fleire langvarige arbeidsplassar og betre betalte jobbar, enn ei satsing på havvind.

Desse argumenta og fleire til skal han presentera på ein konferanse i Bergen i regi av organisasjonen «Klimavenner for kjernekraft» i neste veke.

Som leiar i eit oljeselskap har Hestahammer god kjenskap til kompleksiteten i energiforsyninga. Dette, og bakgrunnen som forskar, har gjort han interessert i temaet.

Mongstad eller Øygarden

Til Strilen seier Hesthammer at Øygarden og Mongstad peikar seg ut som gode stader for eit moderne modulbasert kjernekraftverk.

– Kvifor?

– Fordi dette er stader som har petroleumsindustri, som ein kan forventa blir trappa ned på sikt. Då er det naturleg å sjå seg om etter nye alternativ.

– Blått hydrogen eller ein batterifabrikk kan vera slike alternativ, men då treng ein meir kraft.

Tryggare anlegg

På 1970-talet vart det lansert planar om kjernekraftverk (atomkraftverk) på Ostereidet, men planane møtte massiv motstand og vart skrinlagt.

– Trur du idéen blir betre mottat i dag?

– Ja, kjernekraftverk i dag er noko heilt annan enn den gongen. Mange av dei som er redde for kjernekraft hugsar Tsjernobyl-ulukka. Ei slik ulukke ville aldri skjedd i dag.

– Kvifor ikkje?

– Fordi dagens anlegg er mykje tryggare. Visst du ser for deg ein 50 år gammal bil, og samanliknar den med ein moderne bil, så vil begge delar vera ein bil, men utviklinga har vore enorm.

– Slik er det også med kjernekraft. I tillegg har det vakse opp ein heil generasjon etter Tjernobyl-ulukka. Dei har ikkje eit forhold til ulukka, men mange av dei er opptekne av bærekraft og å ta vare på naturen.

Høgre er interessert

Hesthammer trur etablering av kjernekraftverk i Noreg kan bli ein realitet.

Høgre sitt landsmøte vedtok nyleg ei formulering om at Noreg skal ha ei aktiv rolle i forskning og utvikling av ny kjernekrafttekonologi.

– Får dei fleire parti med seg, så vil me kunne få ei ny konsekvensutgreiing av kjernekraft i Noreg, seier Hesthammar.

Han tipsar lokale ordførarar og andre interesserte om å vera tidleg på ballen, og ta grep for å leggja til rette for kjernekraftverk.

– Dette er arbeidsplassar det kan bli kamp om å få, avsluttar han.