Det var 59 år gamle Piotr Wojciech Koziel frå Polen som mista livet i ei fallulykke på Alver torsdag ettermiddag. Det melder BT, som refererer til familien sin bistandsadvokat Kjetil Ottesen.

– Familien er nok i sjokk. Dette er ei arbeidsulykke som har skjedd brått. Det er umogeleg å førebu seg på noko sånt, seier Ottesen til avisa.

Strilen har vore i kontakt med entreprenøren for selskapet, der Koziel arbeidde.

– Han jobba fast som blikkenslager for ein underleverandør, seier kommunikasjonsdirektøren for selskapet.

Politiet fekk melding om ulykka klokka 15.07 torsdag.

59-åringen blei i all hast – inkludert politieskorte – frakta i ambulanse til Haukeland universitetssjukehus. Men klokka 16.38 blei han erklært død på akuttmottaket.