Torsdag melde 110-sentralen i Hordaland om ein innvendig vasslekkasje i Kvassnesvegen i Lindås. Vasslekkasjen var hos legevakta i Knarvik.

– Det har vore eit slangebrot inntil eit apparat som har gjort at ein del vatn har runne inn, sa vaktkommandør ved 110-sentralen, Morten Frantzen til Strilen.

Ingen vart evakuert

Då Strilen kom til staden i 10.30-tida var lekkasjen stoppa og restverdiredningsbil frå Arna var på veg for å hjelpe.

– Vi fekk melding klokka 10.19. Det har vore ein lekkasje i ein vasslange inn til eit reinseanlegg i tilknyting til ei dialysemaskin. Det var ein pasient i rommet, men ingen vart evakuerte på grunn av vasslekkasjen, seier utrykkingsleiar Sondre Myhr ved Nordhordland brann og redning.

Vatnet rann etter kvart frå første etasje og ned i underetasjen i bygget.

Mindre skadar

Myhr kan ikkje seie så mykje om kor stor skade lekkasjen kan ha skapt.

– Når det gjeld vatn, så må ein rekna med at det vert skadar på inventar og bygning. Det er gjort ein god jobb med å stoppe lekkasjen og tørke opp, så det kan sjå ut som at det her er snakk om mindre skadar, seier Myhr.