– Me ser stadig at altfor mange kjører med kurve/tåkelys åleine eller i kombinasjon med nærlys i mørkret. Det er både ulovleg og farleg, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Refleks er ikkje sjølvlysande!

Han forklarer at på dagtid er regelen at ein berre skal ha to hovudlys på, og då kan ein velja om ein vil bruka kurve/tåkelys eller nærlys. Dette er for å bli sett.

Når det blir mørkt, derimot, handlar det om å sjå. Difor har kurve/tåkelysa ingen funksjon lenger. Då er det berre nærlys og fjernlys som gjeld.

– Refleks er nemlig ikkje sjølvlysande, understrekar lensmannen.

Han presiserer at bruk av kurve/tåkelys både åleine og i kombinasjon med nærlys blir sett på som aktlaust kjøring og blir bøtelagt deretter.

Ein enkel og grei regel kan vera at når gatelysa blir tende, skal kurve/tåkelysa av, og nærlyset på.

Reglar for bruk av tåkelys:

1. Det er ikkje lov å bruka tåkelys i kombinasjon med nærlys.

2. Det er lov å bruka tåkelys som kjørelys i staden for nærlys på dagtid.

3. Det er i utgangspunktet ikkje lov å bruka tåkelys i kombinasjon med fjernlys. Unntaket er kurvekjøring i låg hastigheit (10-20 km/t)