Karrieresenter Nordhordland er eit nytt gratistilbod som starta i april, finansiert av fylkeskommunen. I Dampen i Knarvik sit Hanne Tysnes og Kjersti Kvaløy klare til å komma folk til unnsetnad, anten dei er 20 eller 59 år. Samtalane er konfidensielle og blir gjennomførte etter etiske nasjonale retningslinjer.

Hit kjem folk utan skulegang og folk med doktorgrad. Mange vurderer vidare utdanning, eller å byta studieretning eller læreplass.

Famnar om alle livsfasar

Karriererettleiing er eit regionalt og nasjonalt satsingsområde, og famnar om vaksne i alle livsfasar som treng ein dytt i riktig retning.

– Fylke, kommunar og verksemder er i ei stor omstilling. Då er det behov for rettleiing meir enn nokon gong før, i ei verd som blir meir og meir uoversiktleg, seier rettleiar Hanne Tysnes.

Hit kjem folk utan skulegang og folk med doktorgrad. Mange vurderer vidare utdanning, eller å byta studieretning eller læreplass.

– Me har òg folk innom som vil starta eiga verksemd, nokre som vil byta yrke, og personar som vil vidareutdanna seg eller nytta kompetansen på andre område, fortel ho.

DUO: Den andre dama i Dampen er karriererettleiar Kjersti Kvaløy. Foto: Endre Helland

Jobbar mest med bevisstgjering

Karriererettleiing har endra fokus frå karriere- og yrkesval til varig læring. Slik vil ein vera godt rusta til å ta eigarskap over karrierevegen.

– Me jobbar med bevisstgjering av kva ein ønskjer, og rettleiar med utgangspunkt i positiv psykologi, personlege styrkar og moglegheiter, seier Tysnes.

Senteret tilbyr inntil tre gratistimar, og ein typisk prosess kan vera å kartlegga tidlegare val, skapa sjølvinnsikt rundt tankemønster og meistring, og laga ønskeliste for karriere- eller yrkesval. Basert på motivasjon for gjennomføring, og moglegheitene i arbeidsmarknaden, blir det så utarbeidd ein plan A og B på siste samtale.

I oppbyggingsfasen

Kjell Helge Kleppestø er leiar for paraplyen Karriere Hordaland, som har senter på Stord, i Bergen og i Knarvik. Senteret i Knarvik er framleis i oppbyggingsfasen. Målet er to-tre rettleiingar kvar for dagen, måndag til torsdag. Om fredagene er damene på farten.

RUNDTUR I NORDHORDLAND: Karriererettleiarane Hanne Tysnes og Kjersti Kvaløy på tømmerkaien på Eidsnes. Foto: Karrieresenter Nordhordland

– Me ønskjer å vera mykje ute i kommunane for å møta utdanningsaktørar, næringsliv, offentleg sektor og interesseorganisasjonar i ulike fora. Gode nettverk og lokalkunnskap er viktig for rettleiinga vår, seier Tysnes.

Til no har dei vitja Austrheim, Gulen, Masfjorden og Meland, og vil halda fram med å utvida nettverket i andre kommunar.

Gode samarbeidspartnarar

Karrieresenter Nordhordland samarbeider mellom anna med Nordhordland Næringshage og Nav.

– Det er utruleg spennande og kjekt å samarbeida med Næringshagane og Nav om å bevara og utvikla kompetansen i Nordhordland, seier Tysnes.

– Siste torsdag i månaden har me fast kontordag hjå Nordhordland Næringshage i Austrheim, så dei som ønskjer rettleiing der, er hjartleg velkomne, legg ho til.

Ho fortel også om eit flott samspel med Nordhordland Næringslag ved Vivian Kårbø, som har bistått med to rundturar i regionen. Slik har dei besøkt fleire lokale bedrifter, og fått eit inntrykk av dei store avstandane i regionen.

– Det er veldig kjekt å setja seg inn i lokal historie, næringsstruktur og korleis lokalsamfunnet har oppstått, smiler ho.

Karrieresenteret har òg vore i dialog med Ressursgruppa hjå Nordhordland Næringslag, som består av pensjonistar frå medlemsbedriftene. Fleire har vore leiarar i hjørnesteinsbedrifter eller hatt viktige posisjonar i lokalsamfunnet med lang fartstid i arbeidslivet.

– Desse pensjonistane har eit godt nettverk og verdifull erfaring, og hjelper lærlingar inn. Dette er eit veldig godt eksempel på korleis ein ivaretek ressursar i samfunnet.

Heilskapleg rettleiing

Dei store geografiske avstandene i regionen har gjort at karrieresenteret ser nytten av å spissa tilbodet gjennom såkalla «blended guidance».

– Me skal dekka ulike livsfasar, men ønskjer òg eit fleksibelt gjennomføringsprogram. Me tilbyr fleire metodar og plattformar å utføra rettleiinga på, for å skapa fleksibilitet for folk som bur langt borte. Gjennom telefon, personleg, på Skype og sjølvhjelpsressursar på nett, eller ein kombinasjon av desse, forklarar ho.

FRUKOSTMØTE: Hanne Tysnes frå Karrieresenter Nordhordland på frukostmøte i Austrheim hjå Nordhordland Næringshage. Foto: TMonslaup