Ei kvinne og ein mann er køyrd til sjukehus med ambulanse etter ei MC-ulukke på Rosslandsvegen på Frekhaug laurdag kveld.

Det var ingen andre køyretøy involvert i ulukka.

Ifølgje politiet var begge to bevisste då naudetatane kom til staden, men skadeomfanget er ukjent.

– Ein av dei klagar på smerte i brystet, fortel operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt.

Ulukka skjedde like før klokka 20.00.

Årsaka til ulukka er foreløpig ikkje kjend, men det er ikkje mistanke om rus.

Politiet har oppretta ei sak på hendinga.