– Det var ein person i traktoren og ein person i bilen. Begge har fått tilsyn av helsepersonell. Me i brannvernet uttaler oss vanlegvis ikkje om helsetilstand, men så vidt me har fått opplyst skal dei involverte ha kome frå det utan skadar, opplyser Sigbjørn Villanger ved 110-sentralen i Hordaland.

Brannvernet fekk melding om ulykka i Høylandsvegen i Lindås klokka 16.27. Meldinga gjekk ut på at ein traktor og ein bil hadde kollidert i låg fart, og at det ikkje var snakk om personskade, men om store materielle skader.

Traktoren, som hadde ein hengar full med grus på slep, hamna på ein eller annan måte oppå bilen.

– Eine bakhjulet på traktoren står oppå bilen. Vegen er stengt medan oppryddningsarbeidet pågår. Det tek gjerne litt tid, men det er omkjøringsmulegheiter, seier Villanger.

VED HØYLANDSVEGEN: Ulykka har skjedd i Høylandsvegen ikkje så langt frå Høyland i Lindås kommune. Foto: Privat