Foto: Hommedal, Marit / NTB scanpix

– Klokka 22.55 fekk vi melding frå ein person som hadde høyrt intense skrik om hjelp ved Austmarka på austsida av Radøy. Det var vanskeleg for han å avklare om skrika kom frå sjøen eller frå land. Vi har derfor valt å sette i gong ein større redningsaksjon, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til NTB.

Like etter klokka 02.30 fortel operasjonsleiar Dag Olav Sætre av søket er avslutta.

– Vi har ikkje fått nokon nye meldingar eller informasjon om at nokon er sakna. Vi har søkt gjennom det området vi meiner er aktuelt ut frå der vi fekk beskjed om at lyden var høyrt, så vi føler at vi no har fått gjort det vi kan, fortel Sætre til NTB.

Han har ikkje full oversikt over kor mange personar som deltok i søket, men seier det blei sett inn store ressursar.

– I tillegg til personell frå politiet, Røde Kors og Norske redningshundar, var det fire båtar i aksjon, ein frå brannvesenet, ein frå redningsselskapet og to frå Røde Kors, samt luftambulanse. Det blei søkt både på land og i sjøen, fortel operasjonsleiaren.

Politiet bad tidleg folk som hadde høyrt noko i området om å ta kontakt med dei, men det førte ikkje til at det kom inn nye opplysningar.