Adrian Sellevoll blei for alvor kjend for det norske TV-publikummet med «Ex on the beach» i 2018, men det er ikkje berre skandale-TV hillesvågingen er kjend for. Han er også musikar og modell, og har mellom anna gått på catwalken for merke som Armani.

Då telefonen frå Farmen ringde, var han aldri i tvil.

– Eg har jo vakse opp med alt dette. Så då dei ringde meg, var jeg ikkje i tvil. Eg har alltid synest at Farmen er jævla kult, seier han til TV 2.

Innspelinga av fjerde sesong starta fredag på Gjedtjernet gård, utanfor Kirkenær i Hedmark.

Adrian fekk nok av reality etter «Ex On The Beach».

– Det er deilig å vere ferdig. Det har vore «jæla» mykje mas. Eg gidd heller ikkje dytte folk vekk og svarar på det eg kan. Men det er jo sjølvforskyldt; det er litt som å kjøpe nye sko, bruke dei og så gå inn å klage på at dei er blitt skitten, sa han den gong.

Adrian i «Ex On The Beach». Foto: Toke Mathias Riskjær/Discovery