– Me reknar med at det kan vera fleire, difor må alle det gjeld varsla oss slik at me får oversikt over mengda, seier lensmann Kjell-Idar Vangberg i Nordhordland lensmannsdistrikt.

Det er ikkje første gongen det har skjedd tilsvarande tjuveri frå garderobane i hallen, men no er det ei god stund sidan det har skjedd i eit slikt format.

Dersom nokon har opplysningar som dei trur kan vera til hjelp, må dei difor ta kontakt med politiet snarast.