STOR STAS: – Dette er eit flott steg i utviklinga av lokalsamfunnet, sa ordførar Askeland då han klipte snora.
ETTERLENGTA: Det var tydelegvis mange som ville vera med å markera den store dagen saman med Rema.
HEIAR PÅ TORE: Barry Nesbø og Jakob Namtvedt deltok på opninga for å visa at dei ser stor pris på kjøpmannen sin, fortalte dei Strilen.
NYE LADESTASJONAR: På den eine parkeringsplassen (nærast hovudvegen) har Rema-kjøpmannen spandert to ladestasjonar for el-bilar.

– No kjenner eg meg berre utruleg letta, seier den smilande kjøpmannen etter endeleg å ha fått hol på Rema-ballongen sin.

Kort fortalt, har han møtt dei fleste hindringar som er mulig frå første planteikninga låg på bordet for åtte år sidan, men som ordføraren summerte det under opningstalen; – Der det er vilje, er det veg.

Gjensidig opningsglede

Både ordføraren og kundane er storleg imponerte over viljestyrken kjøpmannen har vist. Difor var det ikkje reint få som hadde tatt vegen for dela opningsgleda med kjøpmannen.

– Ja, dette har me gledd oss til lenge, sa Haldis og Kåre Færøy som ikkje la skjul på at dei synest kjøpmannen deira er ein knakande kjekk kar.

– Eg er glad i dykk også, kvitterte Tore medan folk nesten stod i kø for å gratulera han med dagen.

Først i nytt næringsområde

Butikken, som er dobbelt så stor som den gamle, er det første bygget som er reist i det nye næringsområdet på Manger. Også det synest ordføraren er stor stas.

– Ved å satsa slik Tore gjer her, er han med på å utvikla lokalsamfunnet. Det er veldig flott og viktig, understreka Askeland.