Operativ avdelingsleiar Gunn-Torhild Ramslien og avdelingsleiar for feiing og bustadtilsyn i Nordhordland brann og redning, Espen Olsvik, seier at det har vorte ein heilt ny og reinare kvardag etter at dei fekk nye rutinar for reinhald. Foto: Kjell Arne Steinsvik

Rein stasjon og reint mannskap skal redusere kreftrisikoen

Før var brannkonstabel eit yrke der ein skulle sjå skiten ut og lukte sot. No er dei av og til reinare når dei er ferdige på jobb enn når dei kjem på jobb.