– Ein båt med to menn har gått på eit skjer. Dei er plukka opp av andre båtar og frakta i land, melder politiet sin operasjonssentral i Bergen ca. kl.16.20 laurdag.

Hendinga skal ha skjedd i Anglesundet, som er eit sund mellom Marøy og Forsøyna.

Ifølgje BT var det ein person på land som slo alarm, då vedkommande observerte at den ca. 20 fot store båten hadde fått problem.

Klokka 16.50 opplyser politiet at dei to mennene har fått tilsyn av helsepersonell.

– Dei framstår uskadde. Ingen av dei har vore i sjøen. Dei hadde fått garn i propellen, båten vart så tatt av vinden og dreiv på land. Dei to hadde varsla ein bekjent, som kom og taua dei til fastlandet.

Naudetatane har avslutta på staden.