Langt frå folk og fe bur Osvald Elvik i Indre Osterfjord, nærare bestemt i Mellesfjorden i Vaksdal kommune. Kvar fjortande dag får fjordstrilen proviant og post levert av Tore Heimvik. – Utan denne ruta kunne me ikkje ha levd her inne i fjorden, seier Elvik. Alle bilda: Anders Totland. Foto: Alle foto: Anders Totland

Fjordstrilane kjempar for å bevare livsnerva i Osterfjorden

Fire gonger i veka legg Tore Heimvik ut på eit vel fem timar langt tokt i fjordstrilane sitt rike. Bli med MB Ospenes minutt for minutt gjennom plassar ein knapt kunne tru at nokon kunne bu.