Lange køar på E39 gjennom Åsane

Kø, kø og kø. Det er rapportane frå folk som har vore på handling eller prøvd å kjøra E39 gjennom Åsane fredag ettermiddag.

Publisert: Publisert:

TRAFIKKAMERA: Statens vegvesen har eit trafikkamera i Vågsbotn som du kan bruka til å sjekka dersom du lurer på kor mykje kø det er

  • Anne-Lise Nordpoll
Denne artikkelen er over to år gammel

– Eg tenkte eg skulle ta meg ein tur på Obs Bygg, men det var tydelegvis mange andre som hadde tenkt også. No står eg i kø for å koma meg ut på hovudvegen att. Her har eg stått lenge, men eg er ikkje kome meir enn nokre få meter, fortalde ein bilist som Strilen snakka med i 13.30-tida i dag.

Det er også meldt om lang kø på E39 nordover forbi Ikea og gjennom Eikåstunnelen. Bildet til denne artikkelen er henta frå Statens vegvesen sitt trafikkamera i Vågsbotn ca. kl. 15.30. Då stod det også lang kø.

Sidan 17. mai i år var på ein torsdag, og fredag vart ein inneklemt dag like før pinse, er det svært mange som har tatt fri og bruker dagen på å handla på hagesenter, byggevaresenter eller er på veg på helgetur. Sjølv om det er frykteleg irriterande å stå bom fast i kø i solskinnet, så er det ikkje anna å gjera enn å ta tida til hjelp og venta.

Kø på E39 gjennom Åsane kan du også risikera 2. pinsedag. I følgje Bt.no varslar gruppa «Stopp ytre bomring rundt Åsane» at dei vil ha ein aksjon denne dagen av same type som dei hadde 5. mai. Då lamma dei trafikken ved å gå fram og tilbake over fotgjengerfelt på Hylkje.

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Blei «sprengd» i 2018 − no kjem det endeleg ny bru

  2. Dette er status for alle vegprosjekta

  3. – Feil at kommunar skal gi vekk skattepengane våre

  4. Kjøpte seg landhandleri – så kom korona

  5. «Kommunane må hugsa at den reinaste energien er den energien vi ikkje brukar»

  6. Mor og dotter satsar saman i Austrheim

  1. E39
  2. Åsane