Er du glad i varme og solrike dagar kan du berre gle deg - prognosane til meteorologen viser at me kjem til å få ei svært fin veke i Nordhordland.

– Langtidsprognosen vår strekk seg til slutten av mai. Det blir stort sett fint vêr i ti dagar, seier vakthavande meteorolog Geir Ottar Fagerlid ved Meteorologisk institutt.

Varme dagar

Mykje sol, lite skyer og temperaturar på om lag 20 grader på dagtid er det me har i vente.

– Ser veldig bra ut, kommenterer meteorologen.

Riktig nok kan det vere litt skyer på himmelen måndag, og det er fare for litt regn på ettermiddagen neste helg, men der er prognosane framleis usikre.

– Me får sjå om regnet dukkar opp, det er enno langt fram i tid. Så er det også ofte lokale, så det er ikkje alle plassar som nødvendigvis får regn til helga, legg Fagerlid til.

Tørr og fin veke i vente

– Kva dag er det som ser best ut?

– Det er kanskje mot slutten av neste veke. Då ser det ut til å bli litt varmare, men samtidig er det også større sjansar for regnbyer på ettermiddagen. Stort sett ser det eigentleg tørt og fint ut neste veke. Det blir ganske bra vêr eigentleg, seier han.

– Så sommaren har alt kome?

– Ja, sommaren kom tidleg i år. Me har jo eigentleg ikkje starta på sommaren enno, men mai kan nok definerast som ein sommarmånad i år med dette vêret her, seier Fagerlid nøgd.

– No er det berre å koma seg ut og nyte finvêret?

– Ingen grunn til å stresse, du har god tid. Dette finvêret ligg her lenge, ler han.

Pass på grillen

Med varme dagar og lite regn aukar også faren for grasbrann. Ole Jacob Hartviksen i 110-sentralen oppmodar folk til å vere forsiktige med eld.

– Spesielt no som det er så fint og varmt. Vi har hatt ein del eingongsgrillar som har stått igjen ute og tatt fyr i terrenget. Så ver forsiktige. Når du er ferdig å grille må du kjøle ned grillen og sjølvsagt ta den med deg og kaste den der den skal bli kasta, seier han og legg til:

– Og ikkje hiv frå deg sneipar og den slags.

Hartvigsen oppmodar folk til å elles sette seg inn i dei reglane som gjeld for kommunen.

– Du finn reglane på heimesida til kommunen din og hos brannvesenet, seier han.