Det er Bergensavisen som har fått innsyn i søkarlista til stillinga som ny Skyss-direktør.

Atten søkarar

Tidlegare år gjekk Oddmund Sylta av og over i ei anna stilling i fylkeskommunen. Då hadde han vore direktør sidan Skyss vart oppretta i 2007.

– Oddmund Sylta har gjort ein formidabel innsats gjennom mange år, og det vil eg takke han for, uttalte fylkesordførar Anne Gine Hestetun då nyheita blei kjent i sommar.

No har atten personar søkt på stillinga for å føra Skyss vidare inn i framtida. Blant dei er det også nokre lokale namn:

  • John Martin Jacobsen frå Meland. Han er seksjonsleiar i vegseksjonen i fylket.

  • John Fredrik Wallace har sidan 2016 vore næringsrådgjevar i Meland.

  • Pål Kårbø bur i Meland og er fylkesvaraordførar i Hordaland. Strilen skreiv om han i sommar då han gjekk ut av Kristeleg folkeparti (KrF) og sa han vurderte å melda seg inn i Høgre.

– Må søka jobb

– Eg har tenkt mykje i sommar, og følte det var viktig å ta ei avgjerd no når nominasjonsprosessen til neste val er i gang, sa Kårbø då.

Men eit par månadar etter var han tilbake i KrF.

No vurderer han altså å bli direktør i Skyss.

– Eg er i ein situasjon der eg aktivt må søka meg ny jobb. Eg kjenner at mitt engasjement og min kompetanse, knytt til kollektivtransport, gjer at eg meiner at eg har ein del å tilføra som direktør for Skyss, uttalar han til BA.

Pål Kårbø, 45 årfylkesvaraordførar, Meland, mann
Arne-Christian Haukeland, 49 åradministrerende direktør, Luxembourg, mann
Håkan Karlsson, 44 åradministrerende direktør kommunale bosteder og eiendom, Älvkarleby.
Monica Nyhagebråten, 48 årkommersiell direktør, Bergen, kvinne
Khashayar Govahi, 34 årarbeidssøkar, Alborz, mann
Leif-Arne Korneliussen, 47 årservice manager Nordic, Askøy, mann
Jørn Kåre Bjørnå, 51 årarbeidssøkar, Bergen, mann
Målfrid Vik Sønstabø, 50 årkonstituert direktør Skyss, Fjell, kvinne
Åshild Lussand Sønsteby, 47 åravdelingsleder, Bergen, kvinne
Kåre Gert Monsen, 52 åravdelingsdirektør NAV familie og pensjonsytingar, Bergen, mann
John Fredrik Wallace, 54 årnæringsrådgiver, Lindås, mann
Knut Erik Reigstad, 33 årkonsulent, Bergen, mann
Johan C. Haveland, 50 årleder passasjertransport, Bergen, mann
John Martin Jacobsen, 45 årseksjonsleiar, Meland, mann
Victor Olaniyi, 30 årOlang autos management, Lagos, mann
Søkar ikkje offentlegmann
Søkar ikkje offentlegkvinne
Søkar ikkje offentlegmann