Vegtrafikksentralen melder om at ein stor stein sperrar fylkesveg 92 ved Krokavatnet i Stordalen. Steinen har ramla ned på Høyanger-sida, eit par kilometer frå grensa til Masfjorden.

Steinen har komme ned i samband med sprenging utført av BKK. Vegen blir ikkje opna onsdag.

ULENDT OMRÅDE: Steinen ligg på vegen ved Krokavatnet i Høyanger kommune. Foto: Google Street View/illustrasjonsfoto