Politiet rykte ut til knivdrama på Frekhaug

Mannen trudde det var narkosal i området og ville sjølv ordne opp, ifølgje politiet.

Publisert:
  • Anders Totland
Denne artikkelen er over ett år gammel

Ein mann i 50-åra vart arrestert av politiet for truslar med kniv på Frekhaug i Meland kommune.

Politiet fekk meldinga klokka 02 natt til laurdag.

Ingen vart skadd som følgje av hendinga, og arrestasjonen skjedde utan dramatikk. Ifølgje politiet hadde mannen drukke alkohol.

– Då politiet kom til staden satt karen i ein sofa etter å ha brote seg inn i ein bustad, seier operasjonsleiar Per Algrøy i Vest politidistrikt.

– For bebuarane skal dette ha vore veldig skremmande.

I tillegg opplyser operasjonsleiaren at mannen skal ha trudd at det hadde vore sal av narkotika i området.

Mannen sit no i varetekt i vente av avhøyr, opplyser politiet som har oppretta sak på forholdet.

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHEITER

    Varetektsfengsla i to veker

  2. NYHEITER

    Trua med motorsag og øks – blei skoten av politiet

  3. NYHEITER

    Ville snu og sjå til «mann i grøfta» på E39 – var laserkontroll

  4. NYHEITER

    «Eg skal drepe dykk alle», skal mannen ha ropt til politiet

  5. NYHEITER

    Politiet fekk god hjelp frå observante naboar på Radøy

  6. NYHEITER

    Fekk inndrege førarkortet etter Eikefet-ulukka

Mest lest akkurat nå

  1. Folk for Fjella vil ha svar frå stortingsrepresentanten om vindkraft

  2. Vil gi seg på topp - seier farvel til Parterapi

  3. Hjelpekorpset handla raskt - no har dei fått fleire frivillige med på laget

  4. «Vi savner koordinert info rundt smittetilfellene»

  5. Alver stiller seg bak #50erikkenok

  6. Smitten dobla seg på éin dag - 27 i karantene

  1. Vest politidistrikt
  2. Frekhaug
  3. Meland
  4. Vold
  5. Politiet