– Det er alltid eit viss, men slik det ser ut no, kan me faktisk klara eit lite overskot dersom skatteinntektene ikkje sviktar oss i tolvte time, sa Olav Andersen då han på møtet tok eit dykk inn i framtidas tal.

På grunn av lite pengar på bok, låge skatteinntekter og at det ikkje er utbetaling av rammetilskot i august, hadde kommunen den månaden så lite pengar at dei måtte bruka av kassakreditten for å sikra at alle fekk løn.

Dermed måtte Andersen varsla formannskapet om at også 2016 kunne enda i underskot. Årsaka forklarte han med ein del usikre ting som løn, pensjon og skatteinntekter. Han viste vidare til at 2016 hadde starta bra, men at det var ein svikt i skatteinntektene i juli, og at det ville komma ein del større utgifter utover hausten. Å klara å kutta 8,5 millionar kroner, som tilsvarer sytten stillingar, meinte han var utopi.

Lys i tunnelen

Torsdag hadde pipa ein litt annan lyd.

Då sa økonomisjefen at dersom dei held fram med å vera forsiktige med innkjøp, ikkje tilsetja folk utan vidare og kjører stramt ut året, kan det sjå ut som dei kanskje kan klara det likevel.

Sjølv om resultatet etter åtte månader er ein god del betre enn førre år understreka han at dei har ein god del å ta igjen utover hausten, spesielt når dei skal ha 500.000 i overskot. For det betyr at dei skal ta igjen 4,2 millionar på dei siste fire månadane i dette året.

Tilset ikkje nye folk

For å unngå å hamna på Robek-lista, der alle låneopptak og investeringar må førehandsgodkjennast av Fylkesmannen, har rådmannsgruppa jobba på spreng med å halda utgiftene nede.

– Me snakkar om det og jobbar med det kvar einaste dag, og har for eksempel ikkje tilsett nye folk når nokon har slutta, med mindre det har vore heilt nødvendig, forklarte han.

Assisterande rådmann Olav Mongstad la til at dette ikkje på nokon måte har vore lett.

– Fagforbundet og Utdanningsforbundet meiner innstraminga har gått for langt, og at det kan føra til slitasje på dei som er att. Dette må me sjølvsagt passa på og ta omsyn til, sa han.

Administrasjonen

I løpet av dei siste åra har det heile tida vore jobba med å sjå på administrasjonen om ein kan organisera ting på andre måtar. Dette har høg prioritet både denne hausten og utover våren 2017. ## Fleire utfordringar

Ei anna utfordring er kva dei skal gjera med mangelen på folk både i barnevernet og innan rus— og psykiatri. I tillegg skulle dei ønskt seg meir ressursar til å ta seg av flyktningane.

Men dette tør dei ikkje tenkja på nett no. No er målet å komma seg gjennom året utan underskot, noko dei ikkje har klart på to år.

– Me har ikkje løysinga klar, men eg synest me er på rett veg, sa ordførar Per Lerøy.

----------------------------------- ## FAKTA:

Det rekneskapsmessige underskotet i 2015 enda på om lag 8,3 millionar, etter svikt i dei budsjetterte skatteinntektene (3,3 millionar), mindre utbytte frå BKK (1,7 millionar) og auke i sosialhjelp (2 millionar) og barnevern (2,3 millionar).

2015-underskotet må dekkast inn igjen i løpet av 2016 og 2017, viss ikkje vert kommunen sett på Robek-lista, der alle låneopptak og investeringar må førehandsgodkjennast av Fylkesmannen.

Pr. 31. august låg kommunen 325 tusen kr. dårlegare an i forhold til budsjett, men 4,6 millionar framom førre år.