Politiet melde i ettermiddag om eit trafikkuhell ved Eikåstunnelen på E39 i nordgåande retning.

Biltjuv

I etterkant av ulykka uttalte politiet at dei leita etter ei kvinne som var involvert i ulykka. Ho skal ha gått vekk frå ulykkesstaden.

– Me plukka henne opp i Olav Bjordalsvei like før klokka 15.30. Me snakker med henne no og skal nøste opp i situasjonen, sa operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Knut Dahl-Michelsen etter ulykka til BT.

Like etter blei det klart at det var snakk om ein biltjuv.

– Kvinna har stole bilen, og ho hadde heller ikkje førarkort.

Eigar av bilen vart deretter kontakta, medan kvinna vart sett til av helse.

Frå ulykkesstaden og til Olav Bjordals veg er det nærmare 1,7 kilometer i avstand.

Bilde tatt i Vågsbotn klokka 15.22 tysdag ettermiddag, ei stund etter ulykka. Foto: Statens Vegvesen

To bilar

To bilar skal ha vore involvert i ulykka som vart meld klokka 14.44, rett før det verste ettermiddagsrushet sette i gang. Det skal vere snakk om ei påkøyring bakfrå.

Ulykka skal ha ført til ein del problem, utan at det vart fullstendig kork.

Alle naudetatane rykka ut til staden.

EIT STYKKE: Over halvannan kilometer frå ulykesstaden fann politiet den eine sjåføren, som viste seg å vere ein biltjuv. Foto: Skjermskot/Google Maps