Me har samla dei mest leste sakene i 2018 på strilen.no.

Ein person er omkomen etter ulukke i Lindås

I august mista ein person livet i ei tragisk trafikkulukke på fylkesveg 57 i Lindås.

Ein personbil hadde kollidert med ein lastebil.

Det var ein 53 år gamal mann frå Lindås som mista livet i ulukka.

Les saka her.

Fisken i fjorden er alt full av oppdrettsfor. Han er knapt nok brukande til kattemat.

I oktober fekk Øystein Angelskår åtte paler med magen full av oppdrettsfôr, og det er ikkje første gongen.

I eit lesarbrev skriv Angelskår at han er sterkt imot utviding av oppdrettsanlegget i Osterfjorden.

Les innlegget her.

Dødsulukke på Fv 57 i Furubergtunnelen

I juli mista ei kvinne livet i ei front mot front-kollisjon.

Ulukka skjedde i Furubergtunnelen på fylkesveg 57 i Lindås. Ein personbil og eit vogntog var involvert i frontkollisjonen.

Det var ei 56 år gamal kvinne, som var busett i Lindås kommune, som omkom i ulukka.

Les saka her.

Fridykkaren funnen omkomen

I september blei ein fridykkar meldt sakna etter at vedkommande ikkje kom opp etter å ha dykka området ved Engholmen og Ådnøyna i Lindås kommune.

Seinare same dag blei dykkaren funnen omkomen.

Les saka her.

Bygdeliv til det ekstreme for Doc og Dask

Helene Grønlien «Dask», Blommedal og Ole Petter Doc Grønlien meiner det bur ein redneck i oss alle.

Duoen er kjende frå TV-serien "Norske Rednecks" på Max. I vår var dei på Radøy, der Helene Grønlien "Dask" Blommedal vaks opp.

Les saka her.

Kjørte utfor og hamna 50 meter ned ei skråning

I januar køyrde ein bilutfor E39 ved Mundalsbergtunnelen i Lindås. Utforkjøringa skjedde på strekninga mellom tunnelen og avkjørsla til Leknes.

Brannmannskapet var raske med å sikra bilen slik at den ikkje rasa lenger ned.

Les saka her.

Ex on the Beach-premiere for Adrian Sellevoll

I september var det premiere på TV-programmet Ex on the Beach.

Blant dei som var med i den omdiskuterte realityserien var Adrian Sellevoll frå Hillesvåg.

– Sjåarane kan forvente eit fyrverkeri av eit show, sa han før premiera.

Les saka her.

Mette-Marit shoppa hos Knarvik industri og miljø

Kronprinsesse Mette-Marit var på Lindås-turné og fann mykje ho likte på KIM i Knarvik.

– Haakon, kan eg ta med meg noko av dette, spurde ho.

Sjå bileta frå besøket og les saka her.

Henriette navigerer KNM Helge Ingstad

Henriette Knarvik (24) ville ha eitt år i Sjøforsvaret. No er ho på det sjette året.

– Målet mitt er å bli så god som mogleg i jobben eg har no, og så får eg sjå kor vegen går vidare, seier ho.

Les saka her.

Fedje-rådmannen har fått sparken

Rådmann Ingebjørg Vamråk vart oppsagt på dagen etter eit vedtak i kommunestyret i Fedje i mai.

Vamråk stilte seg uforståande til oppseiinga.

Les saka her.