236 lastebilar og vogntog aksjonerte mot bomstasjonar onsdag ettermiddag, og 1200 personbilar vart med i kolonnene.

– Me er steik forbanna

Aksjonsgruppa «Nok er nok» stod bak aksjonen der det blei oppfordra til å køyra sakte frå klokka 17.00 til 19. Aksjonistane protesterte mot dei 15 nye bomstasjonane som skal komma rundt Bergen. I tillegg protesterte dei på at bompengesatsen vart auka tidlegare i år. Ein av aksjonistane, Viggo Takvam, vart ikkje blid då Bergens Tidende snakka med han.

– Me er steik forbanna. Eg forstår ikkje kvifor eg skal vera med på å betala for Bybanen, som aldri kjører inn til sentrum eller til Fyllingsdalen, seier Viggo Takvam til BT.

KLAR: Skilta er snart på plass og det er klart for aksjon. Foto: Svend G. Lindhjem

Skjellsorda haglar

Aksjonen starta frå åtte ulike plassar; Åsane, Rådalen, Sotra, Askøy, Fyllingsdalen, Lønningen, Bergen vest og Midtun. I 18-tida stod trafikken stille fleire stader, til dømes i Fjøsangervegen og inn mot sentrum.

I 19-tida stod trafikken bom stille på Bryggen. Det blei meld om at skjellsorda hagla mellom demonstrantar og fotgjengarar. Lydhorna til demonstrantane runga utover sentrum, i håp om at kanskje politikarane skal revurdera synet sitt på bompengar.

Så gjenstår det å sjå om demonstrasjonen hadde noko anna effekt enn å auka turtalet på bilane som deltok.

Ikkje første gong

Det er slett ikkje første gong bomstasjonane skaper debatt. I mai i år lamma aksjonistar fredagsrushet på Hylkje. Den gongen skapte aksjonen kø til Åsane Senter.

SKAPTE KØ: Aksjonistane skapte kø ved å gå over eit fotgjengarfelt sist gong. Denne gongen har dei langt sterkare skyts med seg. Foto: Erlend Kristiansen