Det var onsdags kveld at politiet fekk melding om at ein mann i 60-åra ikkje hadde komme tilbake frå ein skitur i Stølsheimen. Han blei torsdag funnen og henta ut av eit redningshelikopter i Stordalen. Vedkommande blei ikkje utsett for skred, men han gjekk i eit skredutsatt terreng.

Faregrad 3

No blir ein råda til å vera forsiktig viss ein ferdast i området.

Ifølge varsom.no, som blant anna varslar om skredfare, er det no faregrad 3 av 5 på skalaen i mesteparten av indre strøk i Hordaland: «Unngå leområder med fersk fokksnø. Unngå også områder der snødekket over svakt lag er tynt, eksempelvis nær rygger og på konvekse terrengformasjoner.»

– Krevjande forhold

Mannen som blei henta ut torsdag, skal ha vore fjellvant. Han hadde tatt seg inn på nokre hytter i området, før helikopteret fann han ved eit vatn.

– I det området han blei funnen er det veldig krevjande å gå. Piloten på redningshelikopter seier det ligg mykje tung snø og at er fare for ras sjølv i små hellingar, seier politioverbetjent Kurt Inge Hordvik.

Politiet leia innsatsen, medan personell frå BKK og Røde Kors bidrog ute i felten. Også Norske Redningshundar var på veg for å bidra i søk, men innan den tid var altså mannen gjort reie for.

– Oppmodinga vår er at om ein skal ut å gå i dette terrenget, så bør ein vera veldig fjellvant. Det er nesten som å gå på «oppruta fleskesvor». Det er nedtappa fjellvatn, geografien forandrar seg og snøskredfaren er stor. Så folk bør vera forsiktig og tilbakehalden, seier Hordvik