Trafikkulykke i Eivindvikvegen

Førar melde om smerter etter at bilen gjekk rundt på fylkesveg 605 i Gulen.

Publisert:
  • Anders Totland

Vest politidistrikt melde om ei trafikkulykke på Eivindvikvegen i Gulen like før klokka 1630 fredag ettermiddag.

Ulykka skal ha skjedd like ved Merkesvika i Eivindvik, ifølgje politiet.

Føraren skal ha vore åleine i bilen, og det var kun den eine bilen som var involvert i ulykka, informerer operasjonsleiaren i Vest politidistrikt.

– Føraren skal ha treft ein fortauskant og trilla rundt, seier operasjonsleiar Knut Dahl-Michelsen til Strilen.

Bilen skal ha gått rundt og airbagen skal ha blitt utløyst. Føraren har klaga på smerter etter ulykka, men er vaken.

– Har de mistanke om at føraren var påverka av rusmiddel?

– Me har ingen grunn til å mistenke det no, opplyser han.

Publisert:

Flere artikler

  1. NYHEITER

    Politiet mistenker ruspåverka køyring

  2. NYHEITER

    Bilkrasj i Alversund – sjåføren forsvann

  3. NYHEITER

    Politiet hadde mange oppdrag i helga

  4. NYHEITER

    Kritisk til at politiet ikkje svarar på telefon

  5. NYHEITER

    Mistenker ruskøyring etter alvorleg ulykke

  6. NYHEITER

    – Vi blir tidvis utfordra på kapasitet 

Mest lest akkurat nå

  1. Smitten dobla seg på éin dag - 27 i karantene

  1. Eivindvik
  2. Vest politidistrikt
  3. Gulen
  4. Bil
  5. Trafikkulykker