Ifølge Sysla var det like etter klokka 13 at evakueringsalarmen gjekk på Equinor Mongstad.

Til nettstaden opplyste politiet at det var snakk om ein brann i noko isolasjon. Det heile skal ha skjedd i forbindelse med vedlikehald av ein omn.

Industrivernet rykte ut

– Vi har fått beskjed om at dei klarer seg sjølv med eige industrivern, og dei har ikkje hatt behov for ytterlegare assistanse frå brann, seier Equinors Lise Andreassen Hagir til avisa.

Det var snakk om eit mindre branntilløp. Ein person vart sendt til Mongstads helseavdeling. Elles er det ikkje meldt om skadde.

Tidlegare på dagen vart Stureterminalen i Øygarden evakuert, etter at det starta å brenne i ein oljetankar. Etter ei stund fekk ein kontroll på brannen og den vart sløkt. Også der er Equinor operatør.

Evakuering og arbeidsulykke

Det har vore ein travel september beredskapsmessig på Equinor sitt anlegg.

  • Søndag 1. september gjekk alarmen på Equinor Mongstad etter melding om ein gasslekkasje. Over 100 måtte forlate området uttalte selskapet til BA.

  • Torsdag 5. september blei ein arbeidar sendt til Haukeland sjukehus for sjekk etter ei arbeidsulykke på raffineriet.

  • Og i helga var det eit uhell med katalysatorstøv, som blåste utover eit område inne på anlegget. Tre personar oppsøkte lege etter hendinga.

Det er for tida ein større revisjonsstans på anlegget, der Equinor «svir av» nærmare 700 millionar på fem veker.