Klokka 14 måndag ettermiddag fekk Strilen eit tips frå ein lesar om eit vogntog som hadde køyrd seg fast på den smale kommunale vegen rundt Knappen ved Nordangervågen på Radøy.

Ifølgje tipsaren er ikkje vegen eller brua dimensjonert for slik transport. Hos Vegtrafikksentralen hadde dei ikkje fått melding om hendinga då Strilen snakka med dei rundt klokka 14.05.

– Vi har ikkje høyrt noko om dette, seier trafikkoperatør Tom Erik Englaugstad.