Klokka 1903 laurdag kveld fekk politiet melding om ein brann i eit uthus på Solheim i Masfjorden.

– Brannen skal ha starta ved eit uthus. Etter det skal brannen ha nådd ein garasje. Det er veldig tørt i terrenget, så det er viktig at brannmannskapet handlar raskt, sa operasjonsleiar Stein Rune Halleraker i Vest politidistrikt til Strilen like etter klokka 19.

Seks personar blei evakuerte, og fem av dei blei sende til legevakt etter å ha pusta inn røyk.

Brannen ramma ein gamal butikkbygning på staden. Ein garasje og eit uthus blei òg slukt av flammane. Foto: Kristina Duesund

– Utruleg trist

Student Kristina Duesund Dørum er heime i Masfjorden på påskeferie, og bur like ved brannstaden, i den gamle butikkbygninga.

– Det er jo utruleg trist. Det er jo heimen til nokon, men me håpar at alt går bra til slutt, fortel ho.

- Korleis ser det ut på Solheim akkurat no?

– Det er mykje røyk, men det ser ut som brannmannskapa har kontroll på situasjonen, sa 28-åringen frå Masfjorden til Strilen i 20-tida.

Brannmannskap frå tre stasjonar jobba på spreng for å få kontroll over brannen. Like før klokka 20 kunne 110-sentralen melde at brannmannskapa hadde kontroll. Foto: Kristina Duesund
– Bygningen vil truleg gå tapt, sa 110-sentralen til Strilen like før klokka 20 laurdag kveld. Foto: Strilen-tipsar

Brannen spreidde seg

Politiet meldte på Twitter at brannen hadde spreidd seg til ein garasje og ein driftsbygning, og var i ferd med å spreie seg til vegetasjon. Røykehuset til den gamle butikkbygninga ved kaia er heilt nedbrent.

Det er også fleire einebustader like ved og nokre høgspentleidningar som brannen kunne spreie seg til.

I 20-tida laurdag kveld meldte brannvesenet at dei hadde kontroll over brannen.

- Kva skjer med butikkbygninga?

- Den vil nok truleg gå tapt, men brannmannskapa jobbar på spreng, sa Karl-Arne Røyseth ved 110 Hordaland.

Lar det brenne ned

Klokken 20.38 laurdag kveld skriv politiet at huset som brenn er totalskadd og vil bli brent ned kontrollert.

Også uthuset skal vere heilt nedbrent.

To personar bur i huset. Ein er på staden og den andre er bortreist. Fem personar  blei kjørte til legesjekk.

Brannvesenet jobba på spreng og fekk sløkt brannen klokka 23.05 laurdag kveld. Foto: Strilen-tipsar

Vakt heile natta

Brannvesenet dreiv ettersløkking og hadde vakt på staden utover natta.

– Brannen blei meld sløkt klokka 23.05, men brannvesenet passa på fram til klokka 07 i dag tidleg, opplyser vaktkommandør ved 110-sentralen Karl-Arne Røyseth til Strilen søndag morgon.

– Det har vore vind og då var det lett for at brannen kunne blussa opp igjen.

Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Dag Olav Sætre seier søndag morgon at politiet framleis har vakt ved huset på Solheim.

– Det er for tidleg å seia noko om årsaka. Politiet sit framleis vakt der ute, og fordi åstaden ikkje er kald, har vi ikkje fått gjort undersøkingar enno, seier Sætre.

Naboane som laurdag kveld blei evakuerte skal ha flytta inn i husa igjen.

– Patruljen der ute seier at det berre er i det huset som brann at det ikkje er mogleg å bu, det har normalisert seg i området rundt.