Emil André Erstad (27) frå Manger blei årets vinnar av det populære radio-programmet Påskelabyrinten på NRK P1.

– Eg er veldig takknemleg for hjelpa frå svigerfaren min. Det er deilig, det er deilig, sa Erstad på direkten då programleiar Viggo Valle kom med den gode nyheita.

Røyk ut - men sneik seg inn igjen

27-åringen er for mange kjent som tidlegare KrF-politikar og Knut Arild Hareide-rådgjevar. I haust gjekk han over i jobben som kommunikasjonssjef for Den norske Helsingforskomité. All reisinga i jobbsamanheng kom godt med.

– Eg var veldig heldig med spørsmåla som kom, det var spørsmål eg hadde god kontroll på. Eg fekk litt påpakning for at eg rauk på eit spørsmål om Pepperkakebyen, det klarte eg ikkje å svara på, men heldigvis klarte eg å lura meg inn i konkurransen igjen.

Island eller Tokyo

Erstad vann ein reisesjekk til ein verdi av 10.000 kroner og ein tursekk.

– Som Viggo Valle seier; kor skal du reis hen?

– Enten blir det Island med kona og våre to barn, eller så tar eg med guten vår til OL i Tokyo i 2020, seier Erstad, som på direkten klarte å lura inn at han i si tid slo Henrik Ingebrigtsen på 800 meter.

Han vil takka både svigerfar Øyvind Kleven og quizlaget hans, «Den ekte verdikommisjonen», for at han kom seirande ut av påskeprogrammet.

– Utan dei hadde eg ikkje klart det.

Sigeren sikra han då han svara «Cape Canaveral» i sisteoppgåva. Høyr finaleepisoden her.