Strilen

  • Nyheiter
  • Kultur
  • Sport
  • Meiningar
  • Folk
Meny Lukk

Nyheiter

Måtte evakuera sju personar etter ras i Modalen

Ronny Bertelsen
Kristina Bøland
Oppdatert: 05.aug.2019 12:00
Publisert: 30.jul.2019 17:44
  • Slik det ut ved Stokkevika tysdag ettermiddag. FOTO: Morten Helland

Det har gått fleire jordras over Modalsvegen, og vegen er stengt, melder 110 Hordaland på twitter.

Det har gått ras ved Stokkevika og ved Slottsportentunnelen i Modalen, og 110 Hordaland melder klokka 18.30 tysdag at vegen er stengt og at dei saman med mannskap frå politiet evakuerer personar som er innesperra av raset.

– Det er totalt sju personar vi evakuerer. Tre av personane sat i ein bil som blei innesperra av raset. Dei fekk store massar på begge sider av bilen. I tillegg til dei tre i bilen har vi evakuert fire personar i hytter, seier fungerande vaktkommandør Morten Frantzen til Strilen.

Alle dei evakuerte har fått tilbod om innlosjering på Mobryggja. Modalen kommune bistår med helsepersonell.

Raset er gått mellom Slottsportentunnelen og Mo, og Frantzen opplyser at deler av vegen er riven bort av raset.

– Kan bli sperra ei veke

Vaktkommandør ved 110-sentralen i Hordaland, Ronal Drotningsvik, opplyser til Strilen onsdag morgon at vegen kan bli stengt lenge.

– Vi veit ikkje kor lenge, men dette kan bli langvarig, vegen kan i alle fall bli sperra i ei veke, seier Drotningsvik.

Om nokon skal til Modalen i mellomtida seier vaktkommandøren at dei må komma frå Vaksdal-sida.

– No må dei først forsikra seg om at det ikkje er fare for fleire ras før dei kan byrja å rydda vegen. Det er ein del av vegen som er øydelagt etter raset, men det er framleis mykje som er uavklart.

widget-list
matrix-tags
Ansvarsmerket

Strilen vert redigert i samsvar med norsk lovgivning, redaktørplakaten og dei prinsippa som er nedfelte i Ver Varsam-plakaten av Norsk presseforbund.

Om lesarar føler at Strilen har begått overtramp, ber vi dei kontakte redaktør Eirik Langeland Fjeld.

Personvernpolicy Informasjonskapsler (cookies)

Ansvarleg redaktør:
Eirik Langeland Fjeld
Marknadssjef:
Heidi V. Villanger
TIPS REDAKSJONEN: 97 15 10 20
SENTRALBORD: 56 34 30 30
Redaksjonen: redaksjonen@strilen.no
Annonsar:annonse@strilen.no
Abonnement:avisa@strilen.no
Besøksadresse:
Kvassnesvegen 23, 5914 Isdalstø
Postadresse:
Strilen, Kvassnesvegen 23
5914 Isdalstø
Ikkje fått avisa?
Send epost til avisa@strilen.no eller ring Strilen på 56 34 30 30 måndag-fredag kl 08.00-16.00. Laurdag: send SMS eller ring 97 15 10 20
Fakturaadresse:
Strilen, Pb. 8956, 7439 Trondheim, org.nr: 950 231 998
mail (pdf): invoice.8957@kollektor.no