Éin person er omkomen etter ulykke i Lindås

Ein person mista livet i trafikkulykka på fylkesveg 57.

Publisert:

FULL UTRYKKING: Svært mange utrykkingskjøretøy rykka ut til staden Foto: Erlend Nordland Kristiansen

  • Erlend Nordland Kristiansen
  • Anne-Lise Nordpoll
Denne artikkelen er over ett år gammel

Ifølge NRK var det ein mann i 50-åra som omkom i frontkollisjonen som skjedde i 9-tida ved Espeland onsdags morgon.

Bil mot lastebil

Ein person sat fastklemt etter ulykka, men livet til vedkommande stod ikkje til å redda.

– Me fekk melding om ulykka 9.25. Det er snakk om ei trafikkulykke med ein personbil som har kollidert med ein lastebil. Det kan sjå ut som ei alvorleg ulykke, sa Jan Ove Haga, vaktkommandør på 110-sentralen i Hordaland til Strilen i 9.30-tida.

Brannmannskap frå fleire stasjonar var i innsats på ulykkesstaden, saman med øvrige naudetatar.

Føraren av det andre kjøretøyet skal ha komme frå det utan fysiske skadar.

Fylkesveg 57

Ulykka skjedde like ved rasteplassen på Espeland på fv. 57 i Lindås.

Vegen var lenge heilt stengt, og då den opna i 15.30-tida hadde det gått over seks timar sidan ulykka skjedde. Då hadde både naudetatar og åstadsgranskarar jobba på staden for å rydda opp og danna seg eit bilde av kva som hadde skjedd.

Vegtrafikksentralen informerte i etterkant om ulykka på trafikktavla ved rundkjøringa i Knarvik. I tillegg varsla brannvesenet kjørande som kom til rundkjøringa i Isdalstø, slik at ein hadde moglegheit til å snu.

Meldinga om ulykka kom ikkje lenge etter at brannvesenet fekk melding om at det hadde begynt å brenna i ei campingvogn i Romarheimsdalen. Med naudetatar på oppdrag på andre sida av kommunen, rykka mannskapar frå bysida og UP også ut til ulykka ved Espeland i tillegg til lokale mannskapar.

Ny dødsulykke

I juli omkom ei kvinne på fylkesveg 57, nokre kilometer lengre nord, då ein bil frontkolliderte med eit vogntog i Furubergtunnelen.

JOBBA PÅ STADEN: Naudeetatane kom raskt til ulykkesstaden. Vegen vart stengt og blei det utover dagen.

KØ: Det blei lange køar etter ulykka oppstod. Mange valte å snu i køen. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

På ESPELAND: Ulykka har skjedd på Fv 57 ved Espeland like etter rasteplassen. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

PÅ PLASS: Luftambulansen landa ved Isdal-gardane, eit stykke unna ulykkesstaden. Foto: Erlend Nordland Kristiansen

Publisert:

Mest lest akkurat nå

  1. Bilbrann stengde veg i Stølsheimen

  2. Slik vil dei lokke turistane med på eventyr i den vakre dalen

  3. Desse har søkt på jobb som avdelingsleiar

  4. «FNB – feil fokus for folk flest»

  5. Tre personar til Haukeland etter trafikkulukke på E39

  6. Fekk null søknadar på to stillingar

  1. Lindås
  2. Trafikkulykker