Det var tre personar som dykka saman då ulukka hende.

— Dykkaren var tatt opp i båt og på veg til land då me kom til staden. Då overtok ambulanse og køyrte han til sjukehus, seier vaktkommandør Torkjell Helle ved 110 Alarmsentralen.

Helle kan ikkje seia noko om helsetilstanden til dykkaren, men politiet melder på Twitter at vedkommande skal ha vore bevisst då han kom til land.